Hopp til innhald

Fagstoff

Lågt og høgt blodsukker

Personar som har sjukdommane diabetes type 1 eller type 2, er utsette for både for lågt og for høgt blodsukker. Begge tilstandane kan vere livstrugande. Første symptom på diabetes kan vere høgt blodsukker. Personen kan derfor vere ukjend med at han eller ho har diabetes.

Lågt blodsukker (føling)

Denne tilstanden oppstår viss personen har fått i seg for mykje insulin i forhold til matinntaket. Det er òg andre faktorar som kan føre til at blodsukkeret til personen blir for lågt, til dømes kan fysisk aktivitet, alkohol og stress vere med på å senke blodsukkeret. Symptom på lågt blodsukker kjem gjerne raskt.

Teikn på lågt blodsukker

  • bleikheit, sveitte, hjartebank
  • føler seg skjelven
  • svoltkjensle
  • føler seg svak og sliten
  • endra åtferd, aggressivitet
  • mistar medvitet
  • krampar

Førstehjelpstiltak ved lågt blodsukker når personen er medviten

  • Gi noko søtt, til dømes jus, mjølk eller anna sukkerhaldig drikke.
  • Gi deretter mat som inneheld langsame karbohydrat, til dømes ei brødskive med honning/syltetøy.
  • Bli hos personen til vedkomande har ete opp maten, og følg med på korleis personen har det.
  • Skulle personen igjen få kraftige teikn på lågt blodsukker, ring 113 og be om hjelp.

Førstehjelpstiltak ved lågt blodsukker når personen er medvitslaus

  • Ring 113, her vil du få rettleiing og hjelp.
  • Smør honning på innsida av kinnet eller oppe i ganen på personen.
  • Vær hos personen og følg med på korleis vedkomande har det.
  • Følg instruksane i artikkelen Den første undersøkinga, og følg vidare tiltak som er oppgitte her.
  • Viss personen vaknar, følg førstehjelpstiltak ved vaken person som angitt lenger opp på sida, men forsikre deg om at personen er ordentleg vaken og kan svelgje, før du gir vedkomande noko å ete.

Viss du ikkje er sikker på om personen har høgt eller lågt blodsukker, skal du alltid gjere dei tiltaka som gjeld for lågt blodsukker.

Høgt blodsukker

Denne tilstanden kan oppstå viss personen har teke for lite insulin i forhold til matinntaket. Det er òg andre faktorar som kan påverke og føre til høgt blodsukker, til dømes annan sjukdom, alkoholinntak og psykisk stress.

Teikn på høgt blodsukker

  • gradvis dårlegare over nokre dagar, men dette kan òg kome fort
  • rask pust og det kan lukte aceton (neglelakkfjerner) frå munnen
  • medvitet kan vere nedsett
  • hyppig vasslating
  • tørstar og drikk mykje
  • kvalme og magesmerter kan oppstå

Førstehjelpstiltak ved høgt blodsukker

  • Ring 113, her vil du få rettleiing og hjelp.
  • Bli hos personen og følg med på korleis vedkomande har det.
  • Følg instruksane i artikkelen Den første undersøkinga.
  • Høgt blodsukker er ein alvorleg tilstand som treng legebehandling/avansert behandling på sjukehus.

Kjelder

Høyt blodsukker ved diabetes type 1. (2019). I T. Johannessen (Red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 15. desember 2019 frå https://nhi.no/sykdommer/hormoner-og-naring/diabetes-type-1/hoyt-blodsukker-hyperglykemi-ved-type-1-diabetes/

Høyt blodsukker, hyperglykemi, ved diabetes type 2. (2017). I T. Johannessen (Red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 15. desember 2019 frå https://nhi.no/sykdommer/hormoner-og-naring/diabetes-type-2/hoyt-blodsukker-hyperglykemi-ved-type-2-diabetes/

Lavt blodsukker, hypoglykemi, ved diabetes mellitus. I T. Johannessen (Red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 15. desember 2019 frå https://nhi.no/sykdommer/hormoner-og-naring/diabetes-type-1/lavt-blodsukker-hypoglykemi-ved-diabetes/

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2020

Læringsressursar

Førstehjelp