Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Handtering av brot

Brot kan oppstå i alle knoklar og er ofte svært smertefullt. God handtering av brotet kan bidra til å hindre ytterlegare komplikasjonar, og dessutan bidra til reduksjon i smertene. I desse oppgåvene skal du jobbe vidare med kompetansen om brothandtering.
Bein til person som ligg på bakken. Ei tjukk metallstong ligg over leggen til personen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Beskriv typiske teikn på eit ope brot.
  2. Beskriv typiske teikn på eit lukka brot.
  3. Beskriv utstyret du treng viss du skal lage ein improvisert spjelk.
  4. Korleis kan ei god brotbehandling påverke opplevinga personen har av smerte?
  5. Kva er viktig å undersøkje når du mistenkjer at nokon har eit brot?

Gruppeoppgåver

De skal lage rollespel i par eller i små grupper.

  1. Ein elev skal vere markør med sterke smerter i armen. Legg armen til eleven i ein fatle viss fatle eller trekant-tørkle er tilgjengeleg. Byt roller.
  2. De er i skogen. Venen din snublar i ein stein og får sterke smerter i det eine beinet. Lag ein spjelk og spjelk beinet til den som er skadd, tilpassa vilkåra i situasjon a og b.

    1. Det er ingen synleg skade. Personen er smertepåverka.
    2. Det er eit ope brot. Personen er smertepåverka.
  3. Evaluer begge gjennomføringane. Skriv ein logg.
    1. Kva har du lært?
    2. Kva vart gjort som var bra?
    3. Kva kunne vore gjort annleis?

Relatert innhald

Brot kan oppstå i alle knoklar. Nokre brot er så smertefulle at personen ikkje kan røre seg, medan andre brot er små og vanskelege å oppdage.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp