Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Leggje ein person i sideleie

Å leggje ein person i sideleie er viktig for å bidra til å halde luftvegane frie. Viss du veit kvifor og korleis du gjer dette, og har øvd på det, vil du enklare greie å gjere det når du er svært stressa.
Ein mann er lagt i sideleie på asfalten ved sida av ein bil. Ei kvinne støttar han og snakkar i telefonen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Gjer greie for når du skal leggje ein sjuk eller skadd person i sideleie.
  2. Gjer greie for dei viktigaste prinsippa som skal nyttast når du skal leggje ein person i sideleie.
  3. Lag eit tankekart der du beskriv tilfelle der du meiner det er riktig å leggje ein person i sideleie.

Gruppeoppgåver

  1. Reflekter over tankekarta til medlemmene i gruppa. Er de samde i vurderingane?
  2. Jobb to og to. Ein elev legg seg på rygg som markør.
    • Den andre personen skal no leggje markøren i sideleie.
    • Byt roller etter gjennomføring.
  3. Markøren ligg på magen.

    • Korleis skal du på best mogleg måte leggje personen i sideleie?
    • Prøv ulike metodar for å sjå kva som er den beste metoden for å få markøren frå mageleie til sideleie.
    • Byt roller etter gjennomføring.
  4. Markøren ligg på sida.

    • Kva justeringar må gjerast for å få til eit godt sideleie?
    • Gjennomfør dette praktisk.
    • Byt roller etter gjennomføringa.
  5. De har no gjennomført ulike scenarium der de har lagt markøren i sideleie.

    1. Drøft saman kva som er det viktigaste å tenkje på når du legg ein person i sideleie.
    2. Kva ønskjer de å oppnå ved å leggje ein person i sideleie?

Relatert innhald

Medvitslause personar som pustar sjølv, skal du leggje i sideleie. For å vere sikker på at personen pustar, bør pusten overvakast først.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp