Hopp til innhald

Fagstoff

Forbrenningar

Det er vanleg å dele inn brannskadar etter alvorsgrad og omfang. Ver merksam på at personen òg kan vere utsett for skadar i luftvegane viss vedkomande har pusta inn røyk. Det er viktig at du raskt veit kva du skal gjere for å avgrense skaden.

Teikn på forbrenning

Førstegradsforbrenning:

  • Berre det ytre laget av huda er påført brannskade.
  • Huda er vond, raud og hoven.
  • Det blir rekna som ein liten brannskade dersom skaden ikkje dekkjer eit større område og ikkje sit i lysken, setet, ansikt, hender eller føter.

Andregradsforbrenning:

  • Både det ytret og det neste laget i huda har vorte påført brannskade.
  • Huda er raud, flekkete, hoven og det vil oppstå blemmer.
  • Personen vil ha sterke smerter.
  • Det blir rekna som ein større brannskade viss skaden er større enn 5–7 cm i diameter eller sit i lysken, setet, ansikt, hender eller føter.

Tredjegradsforbrenning:

  • Alle laga i huda er brannskadde.
  • Huda kan vere forkola eller ho kan sjå kvit og tørr ut.
  • Personen har smerter.
Brannskadd hud med blemme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førstehjelpstiltak ved forbrenning

Ring 113 ved større og alvorlege forbrenningar. Her vil du få rettleiing og hjelp.

Førstegradsforbrenning kan ein i dei fleste tilfelle behandle sjølv.

  • Avkjøl det brunne området med vatn med ein gong – vatnet skal halde ca. 20 grader, hald skaden i vatnet i 20 minutt. Hos barn skal det berre nyttast lunka vatn.
  • Ikkje stikk hol på blemmer.
  • Fjern smykke og liknande som sit i nærleiken av skaden.
  • Klede på skadd område blir fjerna når området er avkjølt. Ikkje fjern klede som sit fast i huda.
  • Det skadde området blir halde høgt.
  • Ved behov for legehjelp blir det skadde området dekt før transport. Bruk tynn plastfolie eller noko anna som ikkje festar seg. Ikkje bruk salve, olje eller liknande.
  • Ver òg merksam på eventuelle pustevanskar viss personen har pusta inn røyk. Følg i tilfelle instruksjonane i artikkelen Den første undersøkinga.

Kjelder

Folkehelseinstituttet/BMJ. (2017). Brannskader. Henta 1. desember 2019 frå https://helsenorge.no/forstehjelp-og-skader/brannskader-overflatiske

Førstehjelp ved brannskade. (2019). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk (2019). Henta 1. desember 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/brannskader/brannskade

Haugen, J. E. (2019). Brann- og strømskader. I Haugen, J. E. (Red.), Akuttmedisin utenfor sykehus (4. utgåve, s. 253–258). Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2020

Læringsressursar

Førstehjelp