Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Handtering av krampar

Den vanlegaste årsaka til krampar med nedsett medvit er epilepsi. I denne oppgåva kan du øve på kva du skal gjere dersom du kjem over ein person med krampar.
Identitetskort for personar med epilepsi med informasjon om kva du skal gjere om du finn ein person med anfall. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Gå saman to og to og diskuter korleis de vil gå fram viss de ser ein person som får krampar.
  2. Lag eit rollespel der ein av dykk speler ein person med krampar og den andre hjelper. Demonstrer korleis du som hjelpar vil gå fram for å hjelpe personen som har fått krampar.
  3. Kvifor er det gunstig å ta tida på anfallet?
  4. Korleis vil du handtere det viss personen har slått seg i fallet?
  5. Er framgangsmåten alltid den same, òg uavhengig av alderen til ein person?
  6. Kva andre symptom enn krampar kan personar med epilepsi få?

Relatert innhald

Krampar er når muskulaturen strammar seg og anten rykkjar eller blir heilt stiv. Epilepsi er den vanlegaste årsaka til krampar med tap av medvit.

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2024

Læringsressursar

Førstehjelp