Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skadar ved nedkjøling og forfrysingar

Nedkjøling og forfrysing kan gi alvorlege skadar. Det er viktig å hugse at nedkjøling kan vere ein risiko sjølv på ein varm sommardag.
Ei jente ligg på magen på asfalten framfor ein bil, overkroppen er utanfor bildet. Beina ligg litt vridd. Hun er kledd i shorts, men det regnar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Lag eit tankekart der du skriv stikkord om faktorar som kan bidra til nedkjøling.
  2. Bruk tankekartet frå oppgåve 1 og beskriv kva tiltak du kan gjennomføre for å forhindre nedkjøling og forfrysingar.
  3. Gjer greie for typiske symptom på nedkjøling.

Gruppeoppgåver

Sjå på biletet øvst på sida, og les situasjonsskildringa før de gjer oppgåvene under.

Situasjonsskildring

Det er ein grå sommardag med regn, vind og temperatur på 18 grader. Eit barn har køyrt på ein parkert bil med sparkesykkel. Ho græt av smerte og har skrubbsår i panna og på begge hender. Det ser ut som om venstre arm er broten, og ho vil ikkje reise seg. Barnet har ikkje brukt hjelm.

  1. Korleis bør de sikre og varsle i denne situasjonen? Diskuter ulike løysingar med ein medelev.
  2. Drøft korleis den første undersøkinga bør utførast.
  3. Utfør den første undersøkinga på ein medelev.
  4. Kan barnet bli nedkjølt? Diskuter kva konsekvensar dette kan få, ved å utarbeide eit tankekart i fellesskap.
  5. Drøft i gruppa kva tiltak de kan setje i verk for å forhindre ytterlegare nedkjøling av barnet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp