Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sikrings- og varslingstiltak

Alle kan hamne i ulike situasjonar der kunnskap om sikring og varsling er viktig for å avgrense skade eller hindre ytterlegare skadar. Viss du har øvd på dette og har kunnskap om grunnleggjande tiltak, kan det bidra til at du enklare tek dei riktige vala.
Varseltrekant plassert i veikanten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Når kan eller skal du ringje medisinsk nødtelefon 113?
  2. Lag ei liste med stikkord over kva det er viktig at du seier når du varslar 113.
  3. Beskriv kva du bør tenkje på dersom du er den første som kjem til ulykkesstaden ved ei trafikkulykke. Argument for kvifor det du beskriv, er viktig.
  4. Test deg sjølv i den interaktive oppgåva under.

Gruppeoppgåver

  1. Gå saman to og to. Ein av dykk beskriv ei tenkt trafikkulykke. Den andre skal bruke skildringa di for å lage ein plan for kva de skal formidle viss de varslar 113.
  2. Sjå på biletet og les situasjonsskildringa under. Deretter skal de svare på oppgåve a–d.
Blå personbil som står på høgre side i vegbanen. Bilen står like før eit skilt som viser 60-sone, og vegen framover svinger mot venstre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsskildring

Ein bil har stoppa i vegbanen. Du og ein ven kjem køyrande. De stoppar ved bilen. Sjåføren av bilen som har stoppa, sit inni bilen. Han ser på deg, men han svarer ikkje når du snakkar til han. Han verkar fjern, og du meiner det er rett å varsle 113.

  1. Kva vil de gjere av sikringstiltak, og kvifor?
  2. Kvar ville de plassert varseltrekant, og kvifor?
  3. Kva moment er viktige å tenkje på når det gjeld tryggleik?
  4. Kva vil de formidle når de ringjer 113?

Relatert innhald

Som førstehjelpar ved ulykker er det viktig at du tenkjer på eigen tryggleik og sikrar skadestaden. Det er òg viktig at du veit korleis du skal varsle.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp