Hopp til innhald

Fagstoff

Forgiftingar

Forgifting er når ein person har fått i seg eit stoff kroppen ikkje toler, eller har fått i seg større mengder enn det som er tilrådeleg.

Alle kjemiske stoff kan i utgangspunktet føre til forgifting. Ei forgifting kan vere sjølvpåført, eller ho kan vere påført ved eit uhell. Barn er spesielt utsette for forgifting fordi dei er nysgjerrige av natur og ikkje forstår at stoffet kan vere farleg for dei.

Vi kan få i oss giftige stoff via

  • svelging
  • innanding
  • huda og slimhinna

Teikn på forgifting

Teikn på forgifting kan vere

  • endring i pust og/eller blodomløp
  • at personen i nokre tilfelle blir medvitslaus
  • kvalme og oppkast

Teikn på forgifting kan variere betydeleg avhengig av kva stoff som er innteke, og mengde av stoffet. Nokre teikn kan kome raskt, i løpet av minutt, mens andre teikn først kjem etter fleire timar.

Førstehjelpstiltak ved forgifting

Førstehjelpstiltaka kjem an på type forgifting, mengde og korleis giftstoffet er kome inn i kroppen. Ring derfor Giftinformasjonen 22 59 13 00 eller 113. Her vil du få rettleiing og hjelp og få vite kva som er rett tiltak ut ifrå type forgifting.

Dersom personen er medvitslaus, overvak personen etter prinsippa for den første undersøkinga.


Baby grip etter ei flaske vaskemiddel som står i eit kjøkkenskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme på ulike typar forgifting

  1. Legemiddel. Ver merksam på at barn kan bli forgifta av ein langt mindre dose enn vaksne. Hugs at òg reseptfrie legemiddel kan vere svært giftige, til dømes paracetamol og jerntablettar.
  2. Produkt og kjemikalium. Lampeolje, parafin eller tennvæske kan mellom anna forårsake alvorlege betennelsestilstandar i lungene. Etsande stoff kan til dømes vere maskinoppvaskmiddel, Klorin og salmiakk.
  3. Gassar. Karbonmonoksid (kullos) og propan er to av mange gassar som kan vere farlege.
  4. Planter og bær. Både stove- og uteplanter kan vere giftige. Liljekonvall, kvitveis og julestjerne er døme på giftige planter.
  5. Sopp. Nokre soppar, mellom anna raud og kvit flugesopp, er giftige. Sjølv ein liten bit kan føre til forgifting.
  6. Bit og stikk. Hoggorm- og flåttbit kan føre til alvorleg reaksjon. Insektstikk kan òg føre til alvorlege allergiske reaksjonar.
  7. Rusmiddel. Alt frå lovlege rusmiddel som alkohol og tobakk til illegale rusmiddel kan gi alvorlege forgiftingar.
  8. Mat/drikke. Matforgifting vil i dei fleste tilfelle vere forårsaka av bakteriar eller virus.

Relatert innhald

Kjelder

Nakstad, E. R. (2019). Akutte forgiftninger og rusmiddelpåvirkning. I Haugen, J. E. (red.), Akuttmedisin utenfor sykehus (4. utgåve, s. 317–326). Oslo: Gyldendal Norske Forlag.

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Førstehjelp