Hopp til innhald

Fagstoff

Lærande tankesett

Elevar som trur på eigne moglegheiter for å lære, har større potensial for læring. Læraren kan bidra til at elevane får auka motivasjon og eit meir lærande tankesett ved å arbeide med klassekultur og gjennom det nettbaserte undervisningsprogrammet U-say.
Lærar hjelper elevar i klasserommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er lærande tankesett?

Forsking viser at elevar som får gode skuleresultat, ofte tenkjer på ein bestemd måte. Når desse elevane gjer feil, eller møter nye og vanskelege utfordringar, gir dei ikkje opp, men tenkjer at dette er noko dei kan få til. Dei må berre arbeide hardare, skaffe hjelp viss dei står fast eller finne riktig strategi for å løyse akkurat denne utfordringa. Denne måten å tenkje på blir kalla eit lærande tankesett.

Elevar med eit lærande tankesett tenkjer at intelligens, talent og evner ikkje er noko ein er fødd med, men noko som skal utviklast gjennom skulegangen. Viss det er noko dei ikkje forstår eller får til, har dei tru på at dei kan klare det i framtida. Viss dei får kritiske tilbakemeldingar, prøver dei å lære av tilbakemeldingane. Dei er opptekne av eigen framgang, ikkje resultata til dei andre elevane.

Elevar med eit lærande tankesett tenkjer:

  • Eg fekk dårleg karakter på prøven, men eg kjem til å gjere det betre neste gong viss eg lærer av feila.

  • Evnene og talenta mine blir heile tida utvikla gjennom det vi lærer på skulen og andre stader.

  • Eg får det kanskje ikkje til enno, men eg gir ikkje opp.

  • Feil hjelper meg å lære.

  • Vanskelege utfordringar trenar hjernen min og gjer meg smartare enn eg var.

Det motsette av eit lærande tankesett er eit låst tankesett. Elevar med eit låst tankesett tenkjer at evner og talent kjem av medfødde eigenskapar, og at det er medfødde evner og talent som avgjer om dei lykkast eller ikkje.

Det er ikkje slik at vi anten har eit lærande eller eit låst tankesett. Som oftast har vi eit meir lærande tankesett i somme situasjonar, mens vi i andre situasjonar kan ha eit låst tankesett. Mange kan til dømes ha eit lærande tankesett når dei trenar fotball eller øver på å spele eit instrument dei er glade i, mens dei har eit låst tankesett når det gjeld enkelte skulefag dei synest er spesielt vanskelege. Tankesett er heller ikkje noko elevane sjølv bestemmer seg for å ha i ei eller anna grad. Mykje tyder på at tankesett er eit resultat av kva tilbakemeldingar barn og unge får, bevisst og ubevisst. Både familien og skulen er viktige arenaer som formar tankesettet.

Portrettbilete av Carol Dweck. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å jobbe med lærande tankesett i klasserommet

Læraren har ei viktig rolle i å byggje ein klassekultur som støttar opp under eit lærande tankesett og trua til elevane på eigne moglegheiter til å lære. Eit læringsmiljø der det er trygt å stille spørsmål og gjere feil, og der elevane forstår betydinga av å streve, prøve ut nye læringsstrategiar og arbeide med utfordrande oppgåver, vil gi elevane auka motivasjon og betre resultat.

Læraren fremjar eit lærande tankesett gjennom å leggje vekt på forståing av lærestoffet og ved å oppmode elevane til å forklare korleis dei tenkjer, uavhengig av om dei har kome fram til riktig svar. Lærarar vil òg fremje eit lærande tankesett gjennom å gi tilbakemeldingar som styrkjer forståinga til elevane av lærestoffet, og som gir tilbakemelding på læringsprosessen og elevane sin trinnvise framgang mot læringsmål. Døme på prosessbasert ros er: “Dette er litt av ei forbetring” og “Du jobbar så målretta med dette”, mens døme på personbasert ros (som fremjar eit låst tankesett) kan vere “Du er skikkeleg smart” og “Dette er du god til”.

I klassen kan det vere enkelte elevar som lett gir opp når dei møter nye utfordringar. Desse elevane har eit spesielt stort behov for oppfølging frå læraren. Ved å uttrykkje positive forventningar til elevane, gi elevane gode meistringsstrategiar, hjelp til å ta imot tilbakemeldingar og støtte til å seie ja til nye utfordringar kan læraren i stor grad auke læringsutbyttet for desse elevane.

Som lærar kan du leggje til rette for ein klassekultur som støttar opp under eit lærande tankesett. Kulturen har følgjande kvalitetar:

  • Det er normalt å feile, fordi når vi gjer feil, lærer vi noko.

  • Det er normalt å streve, og når ein gjer det, blir forbindelsane i hjernen styrkte.

  • Du har høge forventningar til kvar enkelt elev ut frå føresetnadene deira, fordi alle (uansett nivå) treng noko å strekkje seg etter.

  • Du legg til rette for samarbeid, fordi vi kan lære mykje av kvarandre.

  • Du tilpassar undervisninga, fordi vi lærer på ulike måtar.

  • Du oppmodar til spørsmål, fordi ved å spørje lærer vi meir, og det støttar opp under kritisk tenking.

  • Du har søkjelys på læringsprosessen.

  • Du legg vekt på viktigheita av innsats, uthald og ulike strategiar, fordi alle tre er viktige for å kome seg eit steg vidare.

Kjelde: Universitetet i Stavanger (u.å) U-say. Henta 10. august 2021 frå https://usay.nettopuis.live/

Falskt lærande tankesett

Carol Dweck oppdaga at enkelte – både foreldre og lærarar – forfektar det ho kallar eit falskt lærande tankesett, som stammar frå ei overforenkling av innhaldet i teorien. Dersom vi gir ungdom inntrykk av at dei kan klare alt dei vil, berre dei har god nok innsats, vil det vere eit døme på eit falskt tankesett. Det kan skape eit inntrykk av at det er elevane sin eigen feil, viss dei ikkje klarer det dei prøver på. I realiteten var det strategien dei hadde valt, eller hjelpa dei fekk, det var noko gale med. Å rose innsats utan å relatere det til læring er òg eit døme på eit falskt lærande tankesett. Vidare er det viktig å unngå å klandre elevane for tankesettet deira, eller å framstille det som at elevane sjølv vel tankesett. Det er òg ei overforenkling av teorien.

Undervisningsprogram for lærande tankesett

Fleire studiar har vist at det er mogleg å styrkje trua til eleven på eigne moglegheiter for å lære og gi dei eit meir lærande tankesett. Det nettbaserte undervisningsprogrammet U-say (usay.nettopuis.live) byggjer på denne forskinga. Her får elevar eit innblikk i kva som skjer i hjernen når dei lærer.

Dette programmet er utvikla av Universitetet i Stavanger og Oslo, Stanford, Texas University og Rogaland fylkeskommune med støtte frå Norges forskingsråd. Det består av to leksjonar på 30 minuttar kvar med oppgåver som skal gjennomførast med fire vekers mellomrom.

  • Første leksjon forklarer korleis hjernen fungerer, og kvifor ungdomstida er ein spesielt gunstig periode for å auke hjernekapasiteten.

  • Andre leksjon belyser kva eit lærande tankesett er, og korleis andre har brukt det. Undervisningsprogrammet har blitt testa ut på tusenvis av elevar. Det har hjelpt mange elevar til å få meir tru på eigne moglegheiter til å lære, og til å oppleve mindre press og stress i skulearbeidet.

I lærarrettleiinga til undervisningsprogrammet finn vi òg konkrete forskingsbaserte forslag til korleis vi kan jobbe med lærande tankesett i klasserommet og mellom leksjonane.

Kjelder

Bru, E. (Red.). (2019). Stress og mestring i skolen. Fagbokforlaget.

Dweck, C. (2017). Mindset-updated edition: Changing the way you think to fulfil your potential. Hachette UK.

Haimovitz, K., & Dweck, C. S. (2017). The origins of children's growth and fixed mindsets: New research and a new proposal. Child Development, 88(6), 1849–1859.

Universitetet i Stavanger (u.å) U-say. Henta 10. august 2021 frå https://usay.nettopuis.live/

Talks at google (2015, 16. juli). Carol Dweck. The growth mindset (video). YouTube. https://www.youtube.com/watch?v=-71zdXCMU6A&t=2s

TEDxNorrköping (2014, 12. september). The power of yet. Carol S Dweck (video). YouTube. https://www.youtube.com/watch?v=J-swZaKN2Ic&t=30s

Woolfolk, A. (2004). Pedagogisk psykologi. Tapir Akademisk Forlag.

CC BY-SASkrive av Elin Svensen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 26.06.2021

Læringsressursar

Planlegg læring