Planlegg vurdering for å fremje læring
Korleis planleggje vurdering for å fremje læring – òg kjent som “formativ vurdering”, “undervegsvurdering” og “vurdering for læring”?
Kva erfaringar har du med bruk av vurdering for å fremje læring?
Å bruke vurdering aktivt for å fremje læring er ein sentral del av Fagfornyinga (LK20).
Forsking på Vurdering for Læring (VfL) trekker fram tre nøkkelfasar i læring og undervisning. Dei tre fasane er der eleven skal i læringa (feed up), der eleven er i læringsprosessen (feed back) og korleis komme vidare i læringsprosessen (feed forward).
Black og Wiliam (2009) har kopla dei tre fasane saman med dei ulike rollene i klasserommet (lærar, elev og medelev) og komme fram til eit rammeverk med fem nøkkelstrategiar for bruk av vurdering for læring i klasserommet. Dette rammeverket kan vere nyttig for deg når du skal planleggje og designe vurdering.
Kvar eleven skal | Kvar eleven er | Korleis komme vidare | |
---|---|---|---|
Lærar | 1. Målorientert undervisningUtarbeide tydelege læringsmål og kriterium. Forstå og dele læringsmål og kriterium (tolkingsfellesskap) Forstå læringsmål og kriterium | 2. Tilrettelegging for læringLeggje til rette for gode diskusjonar og læringsaktivitetar som viser forståinga til elevane (synleggjere læringa) | 3. TilbakemeldingGi tilbakemeldingar (framovermeldingar) som rører elevane vidare i læringsprosessen |
Medelevar | 4. MedelevvurderingAktivisere elevane som ressursar for kvarandres læring | ||
Elev | 5. EgenvurderingAktivisere eleven som "eigar" av si eiga læring (Aktivisere evna eleven har til å lære å lære) |
Figur 1: Rammeverk for bruk av fem strategiar i vurdering for læring.
Desse fem strategiane hjelper deg til både å vere meir klar over det du gjer og til å systematisere innsamlinga av informasjonen. Det som er viktig, er at du bruker informasjonen som kjem fram om læringsprosessen til elevane til å justere kursen for læringa undervegs.
Wiggins og McTighe (2005) påpeikar at du må vite korleis elevane skal vise læring før læringsaktivitetane blir planlagde.
Hjelpespørsmål
- Korleis ser det ut når elevane har nådd måla?
- Korleis kan du vite om elevane når læringsmåla?
- Kva tel som bevis for læring?
- Kva vil vere tilstrekkeleg bevis for forståing etter at læringa har funne stad?
- Kva for nokre autentiske framføringsoppgåver skal elevane gjere for å vise den ønskte kunnskapen, evner og forståing?
- Kva vurderingskriterium vil framføringa bli vurdert ut frå?
- Kva andre bevis for læring vil elevane bruke for å vise at dei har nådd måla? (kviss, testar, fagskriving, observasjonar, heimearbeid, journalar)
- Korleis vil elevane reflektere over eiga læring (metakognisjon) og vurdere seg sjølve (eigenvurdering)?
Kva kan vere fordelane med å planleggje vurdering for å fremje læring (formativ) før du planlegg læringsaktivitetane, slik Wiggins og McTighe (2005) foreslår?
Her er ei oppgåve du kan gjere sjølv eller saman med kollegaer:
Utform eit sett med mindre formative oppgåver som lèt elevane utvikle og vise kompetansen sin (kunnskapar, evner og forståing).
Black, P. og Wiliam, D. (2009): Developing the theory of formative assessment. Educational Assessment, Evaluation and Accountability, 1(21), 5-31.
Fjørtoft, H. (2015). Effektiv planlegging og vurdering. Læring med mål og kriterium i skolen. 2. utgåve. Bergen: Fagbokforlaget. Landslaget for norskundervisning.
Wiggins, G. og McTighe, J. (2005). Understanding by Design (expanded 2nd eid). New Jersey: Pearson Merril Prentice Hall.