Bruk filmar frå Filmbib
NDLA samarbeider med Norsk filminstitutt (NFI) om å velje ut filmar frå Filmbib som er særleg relevante for i ulike fag og for arbeid med tverrfaglege emne. Det er i mange tilfelle òg laga oppgåver til filmane. Filmane gir opplevingar, og oppgåvene fungerer som utgangspunkt for samtalar, diskusjonar og refleksjonar rundt ulike problemstillingar.
Filmbib er strøymetenesta til biblioteka for norske kortfilmar og dokumentarfilmar. Tenesta er fritt tilgjengeleg for alle med Bibliotekkortet. Filmane er rettsklarerte for privat bruk og til klasseromsundervisning.
To gonger årleg blir det kjøpt inn nye filmar til Filmbib. Filmane i tenesta er tilgjengelege i fem år frå publiseringsdato. Ordninga er nasjonal og administrert av Norsk filminstitutt på oppdrag frå Kulturdepartementet.
For å sjå filmane i Filmbib må du logge deg inn med lånekortnummeret ditt, som du finn på det nasjonale lånekortet ditt. Nummeret består av bokstaven N og ni tal. Du treng òg den firesifra PIN-koden som er knytt til kortet, for å logge inn på Filmbib.
Manglar du Bibliotekkortet, kontaktar du biblioteket eller bestiller det digitalt hos Nasjonalbiblioteket. Her kan du òg endre PIN-koden din dersom du har gløymt han.
Nasjonalbiblioteket: Bibliotekkortet