Fagartikkel
Sjekkliste til planlegging av dialogisk undervisning
Korleis kan du som lærar planleggje dialogisk undervisning? Denne sjekklista kan du bruke til planlegginga di.
- Kvar kan elevane dine sitje slik at dei kan sjå kvarandre så godt som mogleg?
- Kvar kan du stå eller sitje for å vere synleg og organisere samtalane?
- Vil det å flytte bord og stolar skape ein atmosfære som er meir eigna for diskusjon?
- Er elevane dine klar over læringsmåla for emnet og samtalen?
- Er det nødvendig å skrive ut læringsmåla?
- Veit elevane dine korleis dialog kan bidra til å oppnå læringsmåla?
- Inkluderer planlegginga di tid til å involvere elevane dine i dialog med både deg og kvarandre?
- Har du planlagt «kvifor»-, «korleis»-, eller «kva trur du»-spørsmål for å hjelpe til med å initiere dialog?
- Er du og klassen din førebudd på å følgje tankerekkja til éin enkelt elev?
- Har elevane dine forstått tydinga av dei utvida svara?
- Er elevane dine villige til å dele uferdige tankar med deg og kvarandre, innrømme feil og stille spørsmål?
- Kan elevane dine snakke med kvarandre, utforske idéar og følgje ei argumentasjonsrekkje (med deg som støtte)?
- Har alle elevane sjølvtillit, evne og motivasjon til å snakke og lytte i heilklassediskusjon?
- Bruker du det som skjer i undervisningsforløpet til å tenke ut nokon plenumsspørsmål som vil hjelpe elevane dine til å tenke høgt og å byggje på svara til kvarandre?
- Er samtalereglane som bidreg til å skape og halde oppe heilklassedialog synlege for elevane dine, blir det ofte snakka om dei, og er dei opne for diskusjon?
- Kan elevane dine evaluere kvaliteten på gruppe- og heilklassesamtalen? Har elevane dine ei forståing og eit ordforråd til å gjere det, og veit dei kor viktig dette er?
- Forstår elevane dine at læring er ein felles innsats, og at klassen som heilskap ikkje kan lykkast med mindre alle deltek?
Lykke til!
Rasmussen, I. og Smørdal. O. (2016). Dialogisk undervisning: Å organisere produktive dialogar i helklasseøkter. Oslo: DiDiAC. Universitetet i Oslo