Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforskande samtale i klasserommet – aktivitetar for å etablere felles reglar

For å få i gang ein utforskande samtale i klasserommet er det viktig at ein etablerer eit sett med reglar som er felles for heile klassen. Elevane blir i fellesskap einige om kva reglar for utforskande samtale som skal gjelde i klassen deira.
Tre plakatar med snakke- og tenkjebobler med diskusjonsreglar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kort om opplegget

Desse aktivitetane kan brukast til å introdusere omgrepet grunnreglar, dele idéar om kva ord som kan vere viktige i samtalar og saman kome fram til eit sett grunnreglar for klassen. Aktivitetane blir gjennomførte både i heile klassen og i grupper.

Mål

  • Å introdusere idéen om grunnreglar

  • Å dele idéar om relevant vokabular

  • Å saman kome fram til eit sett grunnreglar for samtalar i klassen

Ressursar

  • Ordbøker, synonymordbøker, farga ark og fargetusjar

  • Vedlegg A: Er dette nyttige reglar?

  • Vedlegg B: Grunnreglar for samtalar (eit ark til kvar gruppe)

Filer

Heil klasse 1

Oppstartsaktivitet: Introduser kort omtrepet grunnreglar. Grunnreglar er reglane vi følgjer i samhandling med andre menneske, ofte utan å gjere dei eksplisitte. Folk kan bruke det same settet av grunnreglar utan å ha snakka om det nokon gong. Av og til kan folk bryte spelereglane bevisst eller ubevisst viss dei har eit anna sett med reglar i tankane. Problem kan oppstå når grunnreglar er ulike eller blir oppfatta ulikt.

Spør klassen om døme på grunnreglar som fungerer, til dømes stå i kø, vente for å betale i butikken, velje kvar du skal sitje i eit klasserom eller snakke med kontaktlærar.

Forklar deretter at i nokre sosiale aktivitetar kan folk tenkje og resonnere betre viss dei diskuterer saman. Når vi snakkar, bruker vi grunnreglane for å organisere mellom anna kven sin tur det er til å dele informasjon, ta avgjerder og så vidare. Problem oppstår når folk ikkje bruker dei same grunnreglane. Dette skjer ganske ofte fordi reglane for samtalar svært sjeldan har vorte diskutert og bestemt. Formålet med denne undervisningsøkta er å sjekke at alle i klassen er einige om kva reglar for samtalar vi bruker når vi arbeider i gruppe. Dette gjer vi for å fremje utforskande samtaler i klasserommet.

Fordelar med grunnreglar for samtalar

  • Det blir mogleg å finne ut kva andre folk tenkjer.

  • Gruppa kan gjere det betre fordi dei kan spele på alle sine idéar.

  • Enkeltpersonar kan gjere det betre fordi dei lærer ein ny måte å tenkje på og dessutan ein ny måte å snakke på.

Gruppearbeid

  1. Del ut ein kopi av vedlegg A til kvar gruppe.

    Be gruppene diskutere i kva grad kvar av desse reglane vil oppmode til effektiv diskusjon. Er dette nyttige reglar?

    Viktig: Samle inn vedlegg A når denne aktiviteten er gjennomførd, slik at klassen kan lage eigne reglar seinare.

  2. Del ut ein kopi av vedlegg B til kvar gruppe: "Grunnreglane våre for samtalar".

    Summer kort opp nokre nyttige ord, til dømes: utfordring, meining, diskusjon, grunnlag, forhandle, argument, kompromiss, overtale.

  3. Be gruppene lage og bestemme sine eigne grunnreglar for samtalar. Minn gruppene på at formålet med samtalar i grupper er å utforske tankane til kvarandre gjennom diskusjon.

    Elevane skal så rangere desse grunnreglane i rekkjefølgje ut frå kor viktige dei er frå 1 til 6. Oppmod alle til å vurdere og grunngi forslaga sine.

Heil klasse 2

Be gruppene bidra med ein regel kvar etter tur, slik at alle startar med sin "nummer 1"-regel.

Alternativ: Be gruppene klippe ut grunnreglane sine. Ha seks ark med farga papir merkt med 1 til 6. Be gruppene om å lime reglane sine på det aktuelle arket. Les først alle nummer 1-reglane, og spør klassen om dei er einige i at desse er dei viktigaste. Er det noko som manglar? Er det noko som bør leggjast til frå nummer 2-reglane?

Gjennomfør ein diskusjon i klassen om reglar og grunngiving for val av desse. Hjelp elevane med å velje ut ei liste med seks eller sju hovudreglar. Desse skal behalde den opphavlege ordlyden sin, og det kan vere viktige tilleggsreglar som gruppene har bidrege med.

Oppmod klassen til å vere einige om å bruke desse som sine eigne grunnreglar for samtalar ved gruppearbeid. Be klassen om å fortelje om fordelane ved å ha felles grunnreglar.

Fortel igjen om målet med undervisningstimen, og diskuter om elevane meiner at målet har vorte oppnådd.

Lag ei utskrift av dei utvalde reglane – til framvising eller deling:

  1. Lag ein veggplakat og be alle om å signere på han.
  2. Gi alle eit eksemplar kvar og la klassen bruke ti minutt på å samle inn alle sin signatur på deira eige eksemplar.

Ekstraaktivitetar

  1. Elevane i klassen får med seg ein kopi av reglane med heim for å diskutere desse vidare med foreldra sine.

  2. Be elevane om å tenkje over eller notere ned kva grunnreglar for samtalar dei trur blir følgde i andre snakke- og lyttesituasjonar:

    • vener som snakkar saman

    • i forsamlingar

    • på kino

    • i klassen når lærar introduserer eit nytt emne

    • i arbeid med matte- eller naturfagoppgåver

    • i leik utandørs

    • i gangane på skulen

    • ved mobiltelefonbruk

    • i samtale med besøkjande på skulen

    Kva er forskjellane på desse reglane og grunnreglane til klassen for samtalar? Elevane kan få moglegheit til å vurdere kor "rettferdige" klassereglane er, som ein måte å dele informasjon, idéar og meiningar på, og som ein metode for å prøve å finne ut og forstå andre sine grunngivingar for innspela deira.

  3. Be elevane om å finne eit døme på grunnreglar for samtalar i praksis i løpet av ei veke. Dei kan skrive ned samanhengane og kva som vart sagt eller berre prøve å hugse situasjonane. Dei kan til dømes prøve å finne

    • bruk av ordet "fordi"

    • eit døme på nokon som gir ei god grunngiving eller ei svak grunngiving

    • eit døme på at nokon spør nokon andre kva dei trur

    • eit døme på at nokon blir overtydde om å endre meiningane på bakgrunn av gode argument

    • bevis på at folk tenkjer og bestemmer noko saman

Kjelde

DiDiAC – Digitale dialoger på tvers av fag, Universitetet i Oslo. (2016, 23. november). Grunnregler for å snakke og tenke sammen. https://talkwall.uio.no/static/ground-rules-for-talking-and-thinking-together-no.PDF

CC BY-SARettshavar: DiDiAC – Digitale dialoger på tvers av fag, Universitetet i Oslo
Sist fagleg oppdatert 03.08.2020

Læringsressursar

Planlegg læring