Frå kompetansemål til læringsmål - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Frå kompetansemål til læringsmål

Elevane har krav på å vite kvifor dei gjer noko, og kva som krevst. Men det er krevjande for oss lærarar å gjere om kompetansemåla i læreplanen til konkrete og klare læringsmål.

Tydelege læringsmål

Det er viktig med tydelege læringsmål. Forsking viser at elevar som har klare læringsmål,

  • utviklar ein meir anvend og djupare kunnskap enn elevar som har prestasjonsmål
  • får auka motivasjon
  • kjenner kontroll over si eiga læring
  • får eit grunnlag for medelevvurdering og eigenvurdering

Refleksjon

Korleis utviklar du læringsmål for elevane dine?

Kompetanseomgrepet

Kompetanseomgrepet kan hjelpe oss eit stykke på veg: "Kompetanse er å kunne tileigne seg og nytte kunnskapar og ferdigheiter til å meistre utfordringar og løyse oppgåver i kjende og ukjende samanhengar og situasjonar. Kompetanse inneber forståing og evne til refleksjon og kritisk tenking" (Kunnskapsdepartementet, 2017).

Kompetanseomgrepet består av tre viktige nøkkelord: kunnskap (å vite), ferdigheiter (å gjere) og forståing (å forstå). Desse spørsmåla kan derfor hjelpe oss i planlegginga:

  • Kva skal elevane vite? (Kva må dei ha kunnskap om?)

  • Kva skal elevane kunne gjere? (Kva ferdigheiter må dei ha?)

  • Kva skal elevane forstå? (Kva forståing må dei ha?)

Døme

La oss tenke oss at de jobbar med den første verdskrigen i historie og dette kompetansemålet:

  • drøfte bakgrunnen for verdskrigane og eit utval andre sentrale krigar eller konfliktar og reflektere over om fredsslutningar har bidrege til å skape fred og forsoning

Du har i første omgang følgande forslag til kva du ønsker at elevane skal forstå: "Eg ønsker at elevane verkeleg skal forstå den første verdskrigen."

Utsegner av denne typen seier lite om kva elevane dine skal få av forståing når det gjeld den første verdskrigen. Det er heller ikkje slik at kunnskap og ferdigheiter automatisk leiar til forståing.

Neste trinn kan vere at du formulerer læringsmålet slik: "Eg ønsker at elevane skal forstå årsakene til den første verdskrigen."

Det same er problemet her. Her får du fram målet meir detaljert, men ikkje kva elevane skal ha med seg vidare med tanke på desse årsakene.

Kva ønsker du at elevane skal ha med seg av forståing om desse årsakene, og kvifor er det viktig? Som svar på dette spørsmålet kan du ende opp med denne formuleringa: "Eg ønsker at elevane skal forstå at det er fleire årsaker til utbrotet av den første verdskrigen – mellom anna …" Det vart betre.

Det er viktig at læringsmåla er forstått, at elevane veit kvar dei kan finne dei, og at dei veit kva kriterium som gjeld.

Refleksjon

I kva grad kan tilnærminga som vi her presenterer, vere til nytte for deg vidare?

Øving

Vel eit kompetansemål frå læreplanen.

Diskuter kva som kan reknast som viktige kunnskapar (kva elevane skal vite) innanfor dette kompetansemålet, og kva ferdigheiter (kva elevane skal kunne gjere) elevane må meistre for å lykkast.

Drøft deretter kva som kan reknast som bevis for forståing innanfor dette kompetansemålet, og kva som berre vil vere ein indikasjon på at elevane berre har overflatiske eller ustrukturerte kunnskapar (Fjørtoft, 2015, s. 76).

Kjelder

Black, P. & Wiliam, D. (1998). Inside the Black Box: Raising Standards Through Classroom Assessment. Phi Delta Kappan, 80(2), 139–44.

Erickson, H. L. (2007). Concept-Based Curriculum and Instruction for the Thinking Classroom. Corwin.

Fjørtoft, H. (2015). Effektiv planlegging og vurdering: Læring med mål og kriterier i skolen. (2. utg.). Fagbokforlaget. Landslaget for norskundervisning.

Kunnskapsdepartementet. (2017). Kompetanse i faga. Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa. Fastsett som forskrift ved kongeleg resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og-danning/kompetanse-i-fagene/?lang=nno

Wiggins, G. & McTighe, J. (2005). Understanding by Design: Expanded 2nd Edition (2. utg.). Pearson.


Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020