Kva er pedagogisk entreprenørskap?
Pedagogisk entreprenørskap er ein læringsstrategi som består av fleire metodar der eleven aktivt deltek i eiga læring. Det handlar om å kople teori til praksis i læringsprosessane til elevane.
Læringsstrategi
Elevane bruker læringsstrategiar for å organisere si eiga læring, altså for å planleggje, gjennomføre og vurdere eige arbeid for å nå nasjonalt fastsette kompetansemål.
Ein læringsstrategi er ei arbeidsform – ein måte å lære på som ein kan bruke i alle fag og som fremjar heilskap og djupnelæring for elevane. Det er ikkje noko som kjem på toppen av det vi skal gjere i skulen.
Det er seks element som må til for å klassifiserast som pedagogisk entreprenørskap. Desse seks elementa er:
- samarbeid med lokalsamfunnet
- prosjektorganisert og tverrfagleg
- medavgjerd
- erfarings- og problembasert
- aktivitet
- resultatorientert
Desse seks elementa kan sjåast på som byggjesteinar i pedagogisk entreprenørskap og er med på å gi ei forståing for korleis du kan ta i bruk pedagogisk entreprenørskap inn mot elevane si eiga læring.
Det er fire entreprenørielle kompetanseområde i skulen. Her kjem det tydeleg fram at pedagogisk entreprenørskap som fenomen består av mange fagområde.
I pedagogisk entreprenørskap er det derfor naturleg med tverrfagleg læringsarbeid der lærarar med ulik fagkompetanse samarbeider med kvarandre og med aktørar utanfor skulen.
Desse er:
Kreativitetskompetanse | Omverdkompetanse | Handlingskompetanse | Personlege ressursar |
---|---|---|---|
utforskande skapande løysingsorientert problemløysande iderik | lokale, nasjonale og globale perspektiv bruke og byggje nettverk inkluderande kulturforståing | evne til samarbeid evne til kommunikasjon ta initiativ ta ansvar villig til endring | utfordre seg sjølv og andre sjølvtillit uthald respekt sjølvstende |
Relatert innhald
Praktiske døme på og framgangsmåten for pedagogisk entreprenørskap.
Ask, A.S. og Ødegård, I.K.R. (red.) (2014). Entreprenørskap i skole og utdanning. Aktiv, praktisk og meningsfull læring. Kristiansand: Portal Forlag.
Falk-Lundquist m.fl., (2011). Entreprenöriell pedagogik i skolan - drivkrafter för lärare och elever. Umeå: Länstyrelsen Västerbotten
Johansen, V., Skålholt, A. og Schanke, T. (2008). Entreprenørskapopplæring og elevenes læringsutbytte. (Østlandsforskning Rapport nr. 8, 2008). Lillehammer: Østlandsforskning.
Rønning, W., Hodgson, J. og Tomlinson, P. (2013). Å se og bli sett.
Klasseromsobservasjoner av intensivopplæringen av Ny Giv. Sluttrapport. Bodø: Nordlandsforsking
Skaalvik, E. M. & Skaalvik, S. (2009). Elevenes opplevelse av skolen: sentrale
sammenhenger og utvikling med alder. Spesialpedagogikk 74(8), 36-47.
Teigen, I., Markussen, O. og Meldal, A. (2013). Pedagogisk entreprenørskap i videregående skolar – lærernes fortolkninger i Norge, Sverige og på Island. Master. Universitetet i Nordland.
Ødegård, I.K. og Nøvik, T.V. (2019). Pedagogisk entreprenørskap. Kreativitet,
livsmestring og dybdelæring i skolen. Oslo: Cappelen Damm Akademiske.