Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er læringsdesign?

Korleis planlegg du di eiga undervisning? Læringsdesign er eit nytt uttrykk og handlar om planlegging av læring. Uttrykket dekkjer blant anna den endra rolla læraren har i skulen som følgje av at digitale teknologiar er blitt sentrale i læringsarbeidet.

Læring skjer gjennom de aktivitetene elevene gjennomfører, ikke hva lærerne gjør. (Amdam & Nøstrud, 2017)

Å førebu eiga undervisning, læringsmateriell, aktivitetar og vurdering er noko vi lærarar alltid har gjort. Læringsdesign har vorte vanlegare som verktøy og metode for planlegging og utforming av undervisning og læringsaktivitetar (Hagelia, 2018). Forskarar har òg fått interesse for læringsdesign.

Tenk over

  • Korleis planlegg du di eiga undervisning?
  • I kva grad er planlegginga basert på di eiga praktisk erfaring, og i kva grad er ho basert på forsking og teori?
  • I kva grad tar du i planlegginga di omsyn til kvifor og i kva grad dette bidrar til læringsutbyttet til elevane dine?

Som lærarar ønskjer vi at elevane våre skal lære best mogleg. Samtidig er det eit tankekors at det er praktisk erfaring som i stor grad styrer praktiseringa vår av yrket og i mindre grad forsking og teori (Kvernbekk, 2003).

Hagelia (2018) hevdar at vi i stor grad planlegg eiga undervisning nærast på autopilot og at mange av oss i liten grad tar omsyn til kvifor og i kva grad dette bidrar til læringsutbyttet til elevane våre.

I kva grad er du samd i Hagelia sin påstand?

Læringsdesign gir oss perspektiv på tillagte vaner

Læringsdesign hjelper oss med å få eit perspektiv på tillagde vanar og støttar planlegginga vår av undervisning. Med andre ord fokuserer læringsdesign på planlegging, utforming og gjennomføring av læreprosessar som dessutan òg kan involvere teknologi. Målet er at elevane skal oppnå best mogleg læringsutbytte. Eit læringsdesign kan òg brukast på nytt og vere utgangspunkt i nye design.

Harman definerer læringsdesign slik:

Læringsdesign refererer til aktiviteter som søker å beskrive, forstå, støtte og guide pedagogisk praksis og prosesser. Det handler om å støtte lærere i å håndtere og respondere på nye perspektiv, ny pedagogikk eller praksis, samt, i større eller mindre grad, å ta i bruk ny teknologi. Læringsdesign har som mål å øke refleksjon, stimulere til endring og bedret kommunikasjon ved å fokusere på ulike representasjonsformer. (Harman, 2016)

Kvifor eit auka fokus på læringsdesign?

Hagelia (2018) peiker på tre grunnar til at det fokuset på læringsdesign har auka.

  1. Vi har fått ny kunnskap om korleis vi menneske lærer.
  2. Det er no eit mangfald av digitale ressursar for læring og ulike teknologiar som kan støtte opp om læringa til elevane. Dette gjer at vi lærarar og elevar treng rettleiing i å finne relevante digitale verktøy og ressursar og hjelp til å forstå korleis vi skal ta dei i bruk.
  3. Ved å gjere designprosessen klar og tydeleg, vil vi lærarar bli meir medvitne om vår eigen praksis. Designprosessen kan lettare delast med andre, og god praksis kan overførast.

Tenk over

Kva refleksjonar gjer du deg over dei tre punkta over?

Kjelder

Amdam, S. H. & Nøstrud, T. F. (2017). Leksjon frå DKL111: Fag, pedagogikk og fagdidaktikk – Læringsdesign og leiing av læringsprosessar. Høgskulen i Volda.

Hagelia, M. (2018). Hva er egentlig læringsdesign? Henta 03. mars 2020 frå https://dataskole.wordpress.com/2018/01/26/hva-er-egentlig-laeringsdesign/#_ftn5

Harman, J. (2016). Læringsdesign for framtidas læringsarbeid. Volda.

Kvernbekk, T. (2003). On identifying narratives. Studies in Philosophy and Education, 22, 267–279. https://doi.org/10.1023/A:1022869204722