Hopp til innhald

Fagstoff

Kven treng hjelp? Få oversikta!

Du har nettopp sett i gang elevane med oppgåver, men så kjem det fleire hender i vêret. Kven går du til først? Klarer du å rekkje over alle? Prøv deg med trafikklysmetoden.
Trafikklys som viser raudt lys og grøn pil til høgre. Foto.

Kvifor ikkje berre rekkje opp handa?

Kor mange minutt bruker ein elev på å vente på hjelp frå læraren i løpet av ein skuledag? Med handa i vêret kan det vere vanskeleg å jobbe samtidig. Og kor ofte har du som lærar syntest det har vore vanskeleg å få hjelpt alle, og i rett rekkjefølgje? Det er ikkje alltid at den som strekkjer armen høgast og roper mest, er den du bør hjelpe først.

Målet med trafikklysmetoden er at du skal få fordelt hjelpa di betre. Elevane slepp å sitje med handa i vêret og kan jobbe vidare mens dei ventar på hjelp.

Verktøyet

Du treng eit sett med tre kort til kvar elev, i raudt, gult og grønt. Det kan vere lurt å laminere dei og setje dei på ein enkel nøkkelring.

Metoden

Elevane får utdelt eitt sett kvar med kort i dei tre fargane. Dei skal bruke korta til å vise deg om dei treng hjelp, og i kva grad det hastar. Elevane legg kortet øvst på pulten slik at du ser det.

Raudt kort: Eg treng hjelp no!

Eit raudt kort signaliserer at eleven treng hjelp for i det heile å kome i gang. Ofte er det kanskje berre ei kort avklaring av oppgåva som skal til. Det er desse eleven du går til først.

NB! Ligg det mange raude kort på pultane, spør i klassen om fleire av dei lurer på det same. Då tek du avklaringa felles.

Gult kort: Eg jobbar, men må spørje deg om noko

Elevane som har lagt opp det gule kortet, veit stort sett kva dei skal gjere, men kanskje vil dei ha ei stadfesting på at dei har forstått rett, eller dei vil at du skal hjelpe dei med noko konkret. Desse hjelper du etter dei raude.

Igjen er det slik at om mange har gule kort, og du opplever etter et par samtalar at det er det same elevane spør om, tek du ein felles gjennomgang.

Grønt kort: Eg har kontroll

Det grøne kortet signaliserer at elevane vil jobbe sjølvstendig og veit kva dei skal gjere. Det kan likevel vere lurt å svinge innom desse elevane og vise at du har registrert at dei jobbar.

Nokre gonger hender det at elevar viser det grøne kortet sjølv om dei eigentleg bør ha litt hjelp. Dette kan du snakke med elevane om i ein fagsamtale, så finn de kanskje ei løysing saman.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2021

Læringsressursar

Planlegg læring