Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stasjonsarbeid om klassemiljø (QR)

Jobb saman i grupper med ulike oppgåver om klassemiljø.
Fire elevar i gangen på ein skule. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elevane skal skanne for å finne filmklipp og oppgåver i dette undervisningsopplegget.

Forarbeid

  • Del elevane i fem grupper.

  • Plasser postane på ulike stader inne eller ute på skuleområdet. Gjer det lett å finne dei. Viss postane er plasserte på eit større område, kan du lage eit enkelt kart over postane.

  • Post 4 har videoklipp og må vere ein stad der elevane kan spele av lyd.

  • Skriv ut dokumentet med postane og plasser ut desse før timen startar.

  • Gjer ein enkel test og sjekk at kodane fungerer.

Gjennomføring

  • Elevane skal innom alle postane, og dei følger rekkefølga på postane.

  • Set av like lang tid til kvar post. Bruk alarm for å halde tida. Lag eit signal som betyr at elevane skal byte post.

  • Lærar går innom gruppene undervegs mens stasjonsarbeidet går føre seg.

Nokre av temaa kan vere vanskelegare å jobbe med. Det er viktig at læraren vurderer undervisningsopplegget i forkant og er merksam på korleis elevane opplever innhaldet.

Filer

Relatert innhald

QR-kodar let oss effektivt og enkelt dele og opne nettinnhald med mobilen. Lær tips og triks og kom i gang med QR-kodar!

QR i undervisninga kan gjere det lettare å forlate klasserommet og jobbe friare og meir spontant. Det kan gi meir engasjerande og elevaktiv undervisning.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2022

Læringsressursar

Planlegg læring