Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er dialogisk undervisning?

Du har sikkert høyrt om dialogisk undervisning før. Men du har kanskje ikkje høyrt om utforskande samtale?
Bilde av en liten gruppe unge studenter som diskuterer- Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dialogisk undervisning og læring byggjer på ideen om utforskande samtale og er ein av dei beste strategiane du som lærar kan ta i bruk inn mot læringsprosessen til elevane.

Kva er dialog?

Dialog er eit viktig grunnlag for læring fordi han gjer det mogleg for deg som lærar å få innsikt i kunnskapen og ideane til elevane dine. Dialogen skaper ei felles referanseramme i samarbeid, og samarbeid er viktig i læring.

Dialog i skulen er ei form for samtale der du og elevane dine brukar strukturerte spørsmål for å rettleie og framme læringa til elevane. Ein dialog er meir enn «berre prat». Her blir det kravd at du som lærar og elevane dine lyttar, kommenterer og byggjer vidare på ideane til kvarandre, stiller spørsmål og konstruerer tolkingar saman. Ein dialog slik sett er ikkje det same som ein debatt der ein ofte legg opp til å skape polariserte synspunkt. Målsetjinga er å «tenkje saman» og utvikle forståing av kunnskapen og perspektiva til kvarandre .

Dialog og læring

Med utgangspunkt i internasjonal forsking om kva som kjenneteiknar god læring, bør læringa vere:

  • Aktiv – slik at elevane utforskar eigne idear
  • Meiningsfull – slik at elevane ser ting i samanheng og skaper kunnskap
  • Utfordrande – slik at elevane må tenkje
  • Samarbeidsprega – slik at elevane må samarbeide og dele idear
  • Formidla – slik at du rettleier i staden for å diktere
  • Reflekterande – slik at elevane får tid til å tenkje over kva dei har lært

Dialogen støttar opp om alt dette. Elevane er aktive, dei utforskar eigne idear, ser samanhengar i forhold til eigen kunnskap, dei tenkjer saman med medelevar, dei utvekslar idear og synspunkt og dei reflekterer over eigne og andre sine synspunkt. Og ikkje minst bruker dei språket. Dei kan skape ein ny type forståing som ingen av elevane kunne klare åleine.

Elevinteraksjon, samspel og dialog er essensielle sider av læring i alle fag.

Frå eit samfunnsperspektiv er det viktig at elevar lærer å delta på ein likeverdig måte i samtalar, samtalar som gir evner som gjer unge menneske i stand til å delta i demokratiske prosessar og i livet generelt. På den måten legg du til rette for å utvikle kompetanse slik at elevane blir i stand til å delta i ulike samanhengar der språket inngår.

Dialogisk undervisning

Dialogisk undervisning har følgjande kjenneteikn:

  • diskusjon
  • omforming av forståing
  • kunnskap er noko som blir skapt gjennom interaksjon mellom ulike stemmer
  • inkluderer tolkingane og dei personlege erfaringane til den lærande

I dialogisk undervisning er språket sentralt i læreprosessen. Forståing blir skapt i samspelet mellom elevane og mellom elevane og og deg som lærar, medan dei snakkar og lyttar, les og skriv.

Tre typar samtaler

Samtalar generelt kan delast inn i tre breie kategoriar:

  1. Konfliktfylte samtalar, der det er mykje usemje og alle tek avgjerder kvar for seg.
  2. Kumulative samtalar, der alle aksepterer og seier seg samde i det som blir sagt.
  3. Utforskande samtalar, der alle lyttar aktivt, stiller spørsmål og deler relevant informasjon.

Vi skal sjå litt nærare på den siste kategorien, utforskande samtalar.

Utforskande samtaler

Dialogisk undervisning er ein strategi der du som lærar tek i bruk utforskande samtalar. Utforskande samtalar gir støtte til å tenkje saman og skjer når elevane dine bidreg med synspunkt, meiningar og grunngivingar. Som lærar inviterer du elevane til å bidra og dei får tid til å utvikle ideane sine. I ein utforskande samtale lyttar alle elevane til kvarandre aktivt, dei stiller spørsmål til kvarandre, utfordringar blir grunngitte, nye bidrag byggjer på det som tidlegare er sagt, og idear blir utfordra.

Elevane møter ideane til kvarandre kritisk, men konstruktivt. Ein legg fram relevant informasjon til felles refleksjon. Forslag blir kanskje utfordra og motsagt, men i så tilfelle kjem ein med grunngivingar og alternativ. Det heile skjer i ein atmosfære prega av tillit der idear og meiningar blir behandla med respekt.

Kjelder

Dysthe, O. (1995). Det fleirstemmige klasserommet. Skriving og samtale for å lære. Oslo: Ad notam Gyldendal Forlag

Dysthe, O. (red.) (2001). Dialog, samspel og læring. Oslo: Abstrakt Forlag

Hauger, T. og Sjong, E. (2017). På sporet av skulen i framtida. Kva kan vi lære av Tenkende Skole? Tønsberg: Sarepta

Mercer, N. (2000). The Guided Construction of Knowledge. Multilingual Matters

Mercer, N. og Littleton, K. (2013). Interthinking. Putting talk to work. London: Routledge

Nottingham, J., Nottingham, J. og Renton, M. (2017). Styrk læringa gjennom dialog. Strategiar for å engasjere elevane og utvikle læringsspråket deira. Frederikshavn: Dafolo Forlag.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2020

Læringsressursar

Planlegg læring