Hopp til innhald
Fagartikkel

Dialogisk undervisning i praksis

Vi skal her sjå nærare på korleis du som lærar kan gjennomføre dialogisk undervisning i praksis ved bruk av ulike dialoggrupper og dialogstrukturar.

Dialoggrupper

Det er vanskeleg å seie kva dialogformer som fungerer best i alle situasjonar, anten det er små grupper eller i heil klasse. Men skal du lære elevane gode tenkevanar, er det lurt å veksle mellom dialogar i små grupper og klassedialogar.

Små grupper

Gruppearbeid blir vurdert nokon gonger som ineffektivt, men dette er berre tilfelle når elevane dine ikkje veit kva dei skal gjere for å arbeide saman. Det har stor effekt å la elevane jobbe i grupper som byggjer på samarbeid, men det krev at samarbeidet er organisert på ein systematisk og konsekvent måte. Elevane treng dessutan rettleiing frå lærar i korleis dei skal samtale og arbeide saman.

Her har du nokre tips til korleis du kan forsikre deg om at alle elevane samarbeider effektivt i eit gruppearbeid:

Klassedialogar og dialogdetektivar

Når alle elevane skal fokusere på det same spørsmålet, er klassedialogar eit godt utgangspunkt.

For å gjere klassedialogar meir handterlege, kan du dele elevane dine opp i to grupper. Den eine gruppa kan diskutere, medan den andre gruppa observerer og tek notat.

Vi skal her sjå nærare på det som kallast for dialogdetektivar.

Elevane blir delte opp i to grupper og sit i to ringar, ein ytre ring og ein indre ring. Elevane i den indre ringen gjennomfører dialogen om det aktuelle emnet, medan elevane i den ytre ringen skal vere dialogdetektivar.

Elevane i den ytre ringen skal sjå etter spor undervegs i dialogen. Slike spor kan vere kva innspel som blir brukte, kva grunngivingar som blir brukte, etc. De kan òg notere ned sine eigne tankar om emnet, kva dei er samde/usamde i, eller spørsmål dei har.

Den ytre ringen kan òg vurdere kvaliteten på dialogen og korleis gruppedynamikken fungerer. Med andre ord korleis elevane som gjennomfører dialogen, lyttar og svarer, og korleis dei stiller spørsmål og grunngir.

Paneldialogar

Ein fleksibel og praktisk variant er å bruke paneldialogar viss du ønskjer å avgrense kor mange som skal snakke samtidig. Du byrjar med dialogar i små grupper, og vel så nokon frå kvar gruppe til å halde fram dialogen. Dei andre elevane kan observere og notere slik som beskrive under dialogdetektivar.

Dialogstrukturar

Det er fleire strategiar som du kan bruke for å få elevane i gang med dialogar og samarbeid. Her skal vi sjå nærare på nokon av dei.

  • Aleine – par – alle (APA) – Elevane får eit spørsmål eller ei oppgåve. Dei får først tid til å tenkje kvar for seg (Aleine). Deretter går dei saman med ein samtalepartnar og diskuterer og deler tankane sine (Par). Til slutt fortel dei heile klassen kva dei har komme fram til (Alle).
  • Tenk, skriv, samanlikn – Liknar mykje på APA over. Men her skal elevane skrive ned tankane sine kvar for seg og deretter lese opp parvis kva dei har skrive. Fokuset i samtalen mellom elevane bør vere på kva som er likt og ulikt i det dei har skrive. Slike skriftlege notat kan gi deg som lærar nyttig innsikt i tankane til elevane.
  • Meiningslinjer – Meiningslinjer gjer det mogleg for elevane dine å vise kva dei meiner, det blir synleg korleis ulike meiningar spreier seg langs meiningslinja. Det kan tvinge elevane til å tenkje over sine eigne og andre sine synspunkt, og endringar i meiningar blir synleg gjennom fysisk rørsle. Ein startar med å formulere ein påstand. Ein lagar så ei linje med endepunkta “Helt samd” og “Helt usamd”. La elevane få tid til å tenkje seg om før dei stiller seg langs linja. Ein kan så avslutte med å få elevane til å få den som står i nærleiken på linja til å fortelje kvifor dei har valt den posisjonen, eller ein kan be elevane spørje ein elev som står langt frå der ein sjølv står.
  • Meiningshjørne har noko av den same strukturen som Meiningslinjer. Men elevane kan ikkje så lett setje seg på gjerdet som i Meiningslinjer. Her krev det at elevane gjer eit nøyaktig val mellom å vere Svært samd, Samd, Usamd eller Svært usamd.
  • Valhjørne – Også her bruker ein hjørne, men no er fokuset på korleis elevane grunngir standpunkta sine. Bruk av Valhjørne gjer det mogleg å la elevane velje og grunngi.
  • Talspersonar – I dialogar i små grupper kan det hende at nokre elevar melder seg ut ved at nokon er for dominerande eller at dei ikkje blir lytta til. Då kan bruk av talspersonar hindre dette. Du gir kvar gruppemedlem eit tal. Du kan då velje tal, og dei med talet kan presentere kva gruppa har komme fram til. Dette skjerpar merksemda til elevane ved at alle når som helst kan bli bedne om å snakke.

Forbetre kvaliteten på dialogen

Det er mange grep du kan gjere for å forbetre kvaliteten på dialogen.

Her er nokre forslag til strategiar:

  • Utvida tenketid – forsking viser at vi lærarar gir elevane mindre en eitt sekund (0,8 sekund) til å tenke ut eit svar. Du bør derfor utvide tenketida til minst 3 sekund. Bruk av APA er ein god strategi for å auke ventetida på svaret til elevane. Dessutan strukturerer ho tenkinga, ho støttar opp om engasjementet til elevane og den gode atmosfæren i klassen.
  • Kven skal ut? – “Kven skal ut?” er ein strategi som hjelper elevane til å utvikle språket sitt når dei skal sortere, klassifisere, identifisere og resonnere. Grunnprinsippet i denne strategien er at du som lærar viser elevane dine tre ting. Det kan vere nøkkelomgrep, bilete, tal o.l. Elevane skal så peike på kva som skil seg ut og grunngi dette. Her kan du bruke ulike dialogstrukturar (sjå over).

Lykke til!

Relatert innhald

Fagstoff
Innføring i Samtavla

Bruk Samtavla til å dele korte bidrag. La bidraga til elevane drive dialogen.

Kjelder

Bryk, A. og Schneider, B. (2002). Trust in schools: A core resource for improvement. Russel Sage Foundation.

Marzano, R.J., Pickering, D.J. og Pollock, J.E. (2001). Classroom Instruction that Works. Research-based Strategies for Increasing Student Achievement. ASCD Publications.

Mercer, N. (2000). The Guided Construction of Knowledge. Multilingual Matters

Mercer, N. (2002). The Guided Construction of Knowledge. I Wells, G. og Claxton, G. Learning for life in the C21st: Sociocultural perspectives on the future of education (pp. 141-153). Oxford: Blackwell.

Mercer, N. og Hodgkinson, S. (2008). Exploring Talk in School. London: Sage.

Mercer, N. og Littleton, K. (2013). Interthinking. Putting talk to work. London: Routledge

Nottingham, J., Nottingham, J. og Renton, M. (2017). Styrk læringa gjennom dialog. Strategiar for å engasjere elevane og utvikle læringsspråket deira. Frederikshavn: Dafolo Forlag.

Rowe, M.B. (1986). “Wait Time: Slowing Down May Be A Way of Speeding Up!”. Journal of Teacher Education, Vol. 37. No 1.

Wegerif, R. og Scrimshaw, P. (1997). Computers and Talk in the Primary Classroom. Multilingual Matters.

Wells, G. & Claxton, G. (2002). Learning for life in the C21st: Sociocultural perspectives on the future of education (pp. 141-153). Oxford: Blackwell.