Korleis førebu og få igang utforskande samtalar?
Det er viktig å førebu elevane dine på samtaleaktivitetar ved å gjere det tydeleg kva som skal til for å få til ein god samtale. Elevane bør vere klar over at når dei blir bedne om å diskutere, er det oppgåva deira å engasjere kvarandre til å snakke. Formålet er å forhandle fram ei felles meining eller eit svar som skal delast med klassen. For å oppnå dette, må dei vere klar over kor viktig det er med utforskande samtalar.
Du kan førebu elevane til utforskande samtalar ved å gjere følgjande grep:
- skape ein atmosfære av tillit
- undersøkje samtalepraksisen i din eigen klasse
- snakke om det å snakke
- å finne ut ved å snakke saman
La oss sjå litt nærare på desse grepa.
Å skape ein atmosfære av tillit
For å kunne betre læringa til elevane er utviklinga av tillitsfulle relasjonar mellom deg som lærar og elevane og mellom elevane ein viktig føresetnad. Å skape eit læringsmiljø med ein atmosfære prega av tillit og respekt er ein nødvendig føresetnad for dialog av høg kvalitet. Det er eit læringsmiljø der elevane føler at dei kan ta risikoar, gjere feil, uttrykkje meiningar og at det er givande å samarbeide.
Ei innleiande øving som kan bidra til å skape ein trygg, inkluderande og empatisk klassekultur, er å få fram viktigheita og tydinga av tillit i klassen. Her er det fleire strategiar du kan bruke – sjå i artikkelen Dialogisk undervisning i praksis.
Å undersøkje samtalepraksisen i klasserommet
Det kan vere lurt å undersøkje din eigen samtalepraksis før du startar opp med utforskande samtalar. Du kan bruke skjemaet under som hjelpemiddel for å vurdere.
Filer
Vurderinga gjennomfører du ved å bruke talverdiar frå 1 til 5. 1 betyr at praksisen som blir beskriven, i lita grad kjenneteiknar di eiga økt. 5 betyr at praksisen i stor grad kjenneteiknar di eiga økt.
Snakke om det å snakke
Det er fleire aktivitetar du kan bruke for å få elevane dine til å tenkje saman på ulike former for samtalar og å avgjere kva slags former for samtalar som passar i ulike situasjonar.
Filer
Å finne ut ved å snakke saman
Elevane kan utforske kva slags munnlege evner dei allereie har og sjå korleis dei kan vidareutviklast. Og dei kan bruke og evaluere produktive måtar å stille spørsmål på, og korleis dei kan lytte aktivt.
Filer
For å få i gang utforskande samtalar i klasserommet, blir det kravd at du som lærar planlegg og førebur deg nøye.
Her følgjer nokre tips til korleis du kan gjere det.
Etablere grunnreglar
Det er viktig at du etablerer eit felles sett av grunnreglar for utforskande samtalar. Slike grunnleggjande reglar for samtalen vil generere utforskande samtalar og elevane dine blir opp lærte til å sjå verdien av dei. Treng vi endå eit sett med klassereglar, spør du deg sikkert? Ja!
For det første kan det hende at det allereie er etablert nokre grunnreglar for samtale i klassen din. Grunnreglar der du som lærar er den styrande og der elevane skal prøve å gi svar på spørsmåla dine og må rekkje opp handa.
For det andre har kvar elev ofte si eiga djupe forståing av "reglar" som dei har lært for å styre samtalar med andre. Dette registeret av motstridande og ofte uheldige reglar kan skape problem. Ein klasse må skape felles grunnreglar for samtalar som alle har blitt samde om å bruke.
I vedlegget under finn du forslag til ein aktivitet som hjelper elevane å etablere seks grunnreglar som kan hjelpe dei i gruppearbeid og gruppesamtalar.
Filer
Å skape engasjement
Å engasjere elevane dine er det første trinnet i ein god dialog. Følgjande strategi kan skape engasjement:
- Gi elevane intellektuell stimulering. Å gi elevane dine intellektuell stimulering kan gjerast på mange ulike måtar. Ein måte å gjere det på er at du ser på elevane dine som sjølvstendig tenkande menneske som sjølv kan bidra med idear og spørsmål læringa til seg sjølv og andre. Det gjer du ved å lytte aktivt, stille spørsmål og gi tilbakemeldingar. På den måten viser du at du er interessert og respekterer ideane og utsegnene til elevane. Og du signaliserer at elevane er personar som kan komme med relevante spørsmål, synspunkt, grunngivingar, døme og samanlikningar.
- Inviter elevane dine til å uttrykkje spørsmål og idear. Dette gjer du ved å invitere elevane til å dele forståingane sine, meiningar, forklaringar o.l. Det kan gjerast ved å la elevane jobbe parvis og be dei komme med påstandar, spørsmål og kva dei synest er vanskeleg å forstå ved det emnet som det blir jobba med.
- Skriv ned det elevane dine seier. På den måten viser du at du er interessert i det elevane seier.
- Når du har ein dialog med elevane dine, bruker du strategiane med å gjenta eller omformulere det elevane har sagt, og ber dei om å svare. Det vil få elevane til å engasjere seg i dialogen og elevane vil bruke denne strategien sjølv etterkvart som dei blir fortrulege med han.
Lykke til!
Bryk, A. og Schneider, B. (2002). Trust in schools: A core resource for improvement. Russel Sage Foundation.
Mercer, N. (2000). The Guided Construction of Knowledge. Multilingual Matters
Mercer, N. (2002). The Guided Construction of Knowledge. I Wells, G. og Claxton, G. Learning for life in the C21st: Sociocultural perspectives on the future of education (pp. 141-153). Oxford: Blackwell.
Mercer, N. og Hodgkinson, S. (2008). Exploring Talk in School. London: Sage.
Mercer, N. og Littleton, K. (2013). Interthinking. Putting talk to work. London: Routledge
Nottingham, J., Nottingham, J. og Renton, M. (2017). Styrk læringa gjennom dialog. Strategiar for å engasjere elevane og utvikle læringsspråket deira. Frederikshavn: Dafolo Forlag.
Wegerif, R. (2002). “The Importance of Intelligent Conversations”, Teaching Thinking. Imaginative Minds Ltd.