Dialogisk undervisning i praksis

Det er vanskeleg å seie kva dialogformer som fungerer best i alle situasjonar, anten det er små grupper eller i heil klasse. Men skal du lære elevane gode tenkevanar, er det lurt å veksle mellom dialogar i små grupper og klassedialogar.
Små grupper
Gruppearbeid blir nokre gonger vurdert som ineffektivt, men dette er berre tilfelle når elevane dine ikkje veit kva dei skal gjere for å arbeide saman. Det har stor effekt å la elevane jobbe i grupper som bygger på samarbeid, men det krev at samarbeidet er organisert på ein systematisk og konsekvent måte. Elevane treng dessutan rettleiing frå læraren i korleis dei skal samtale og arbeide saman.
Her har du nokre tips til korleis du kan forsikre deg om at alle elevane samarbeider effektivt i eit gruppearbeid:
Klassedialogar og dialogdetektivar
Når alle elevane skal fokusere på det same spørsmålet, er klassedialogar eit godt utgangspunkt.
For å gjere klassedialogar meir handterlege, kan du dele elevane dine opp i to grupper. Den eine gruppa kan diskutere, medan den andre gruppa observerer og tek notat.
Vi skal her sjå nærare på det som vi kallar dialogdetektivar.
Elevane blir delte opp i to grupper og sit i to ringar, ein ytre ring og ein indre ring. Elevane i den indre ringen gjennomfører dialogen om det aktuelle emnet, medan elevane i den ytre ringen skal vere dialogdetektivar.
Elevane i den ytre ringen skal sjå etter spor undervegs i dialogen. Slike spor kan vere kva innspel som blir brukte, kva grunngivingar som blir brukte, og så vidare. Dei kan òg notere ned sine eigne tankar om emnet, kva dei er einige/ueinige i, eller spørsmål dei har.
Den ytre ringen kan òg vurdere kvaliteten på dialogen og korleis gruppedynamikken fungerer, med andre ord korleis elevane som gjennomfører dialogen, lyttar og svarer, og korleis dei stiller spørsmål og grunngir.
Paneldialogar
Ein fleksibel og praktisk variant er å bruke paneldialogar viss du ønsker å avgrense kor mange som skal snakke samtidig. Du byrjar med dialogar i små grupper og vel så nokon frå kvar gruppe til å halde fram dialogen. Dei andre elevane kan observere og notere slik som beskrive over.
Du kan bruke fleire strategiar for å få elevane i gang med dialogar og samarbeid. Her skal vi sjå nærare på nokre av dei.
1. Aleine – par – alle (APA)
Elevane får eit spørsmål eller ei oppgåve. Dei får først tid til å tenke kvar for seg. Deretter går dei saman med ein samtalepartnar og diskuterer og deler tankane sine. Til slutt fortel dei heile klassen kva dei har komme fram til.
2. Tenk, skriv, samanlikn
Denne dialogstrukturen liknar mykje på APA over. Men her skal elevane skrive ned tankane sine kvar for seg og deretter lese opp parvis kva dei har skrive. Fokuset i samtalen mellom elevane bør vere på kva som er likt og ulikt i det dei har skrive. Slike skriftlege notat kan gi deg som lærar nyttig innsikt i tankane til elevane.
3. Meiningslinjer
Meiningslinjer gjer det mogleg for elevane dine å vise kva dei meiner, det blir synleg korleis ulike meiningar spreier seg langs meiningslinja. Det kan tvinge elevane til å tenke over sine eigne og andre sine synspunkt, og endringar i meiningar blir synlege gjennom fysisk rørsle. Ein startar med å formulere ein påstand. Ein lagar så ei linje med endepunkta "Heilt einig" og "Heilt ueinig". La elevane få tid til å tenke seg om før dei stiller seg langs linja. Ein kan så avslutte med å få elevane til å få den som står i nærleiken på linja, til å fortelje kvifor dei har valt den posisjonen, eller ein kan be elevane spørje ein elev som står langt frå der ein sjølv står.
4. Meiningshjørne
Meiningshjørne har noko av den same strukturen som meiningslinjer, men elevane kan ikkje så lett setje seg på gjerdet som i meiningslinjer. Her må elevane gjere eit nøyaktig val mellom å vere svært einig, einig, ueinig eller svært ueinig.
5. Valhjørne
Her bruker ein òg hjørne, men no er fokuset på korleis elevane grunngir standpunkta sine. Bruk av valhjørne gjer det mogleg å la elevane velje og grunngi.
6. Talspersonar
I dialogar i små grupper kan det hende at nokre elevar melder seg ut fordi nokon er for dominerande, eller fordi dei ikkje blir lytta til. Då kan bruk av talspersonar hindre dette. Du gir kvar gruppemedlem eit tal. Du kan då velje tal, og dei med talet kan presentere kva gruppa har komme fram til. Dette skjerpar merksemda til elevane ved at alle når som helst kan bli bedne om å snakke.
Du kan gjere mange grep for å forbetre kvaliteten på dialogen.
Her er to forslag til strategiar:
Utvida tenketid
Forsking viser at vi lærarar gir elevane mindre en eitt sekund (0,8 sekund) til å tenke ut eit svar. Du bør derfor utvide tenketida til minst tre sekund. Bruk av APA er ein god strategi for å auke ventetida på svaret til elevane. Dessutan strukturerer ho tenkinga, ho støttar opp om engasjementet til elevane og den gode atmosfæren i klassen.
Kven skal ut?
Dette er ein strategi som hjelper elevane til å utvikle språket sitt når dei skal sortere, klassifisere, identifisere og resonnere. Grunnprinsippet i denne strategien er at du som lærar viser elevane dine tre ting. Det kan vere nøkkelomgrep, bilete, tal og liknande. Elevane skal så peike på kva som skil seg ut og grunngi dette. Her kan du bruke ulike dialogstrukturar (sjå over).
Relatert innhald
Bruk Samtavla til å dele korte bidrag. La bidraga til elevane drive dialogen.