Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er eit godt læringsmiljø?

Eit godt læringsmiljø er ein viktig del av skulekvardagen. Korleis får vi til å skape eit miljø som gjer det lettare å trivast og lære?

Oppgåve 1. Bra læringsmiljø

Del 1: Før du ser filmen

Diskuter med ein medelev eller i grupper:

  1. Kva er læringsmiljø?

  2. Kva kjenneteiknar eit godt læringsmiljø? Bli einige om fem viktige stikkord.

Del 2: Sjå filmen

  1. Kvifor er det viktig for læringsmiljøet at elevar sjølv kan vere med å bestemme?

  2. Korleis kan du skape eit læringsmiljø der alle opplever at dei er med å bestemme? Gi tre konkrete tips basert på det som blir sagt i filmen.

Del 3: Lag ein plan for klassen

  1. I grupper: Finn eit tiltak som de kan gjennomføre for å skape eit godt læringsmiljø.

    Det kan både vere små og store tiltak – alt frå ein fest, ein klassetur, ein felles lunsj eller filmkveld – til å gi kvarandre fagleg støtte, merksemd eller positive tilbakemeldingar i klasserommet eller på sosiale medium.

  2. Gjennomfør tiltaket. De kan bli einige i klassen om prosjektet skal gå over ein, to, tre eller fire veker.

  3. Etter perioden: Kva tiltak bidrog i størst grad til å skape eit godt læringsmiljø? Ha ei hemmeleg avstemming.

Oppgåve 2: Meistre eller prestere?

  1. Forklar forskjellen mellom eit prestasjonsorientert og eit meistringsorientert læringsmiljø med eigne ord og døme. Du kan finne bakgrunnsinfo i tekstboksen under.

  2. Tenk deg ein skala der eit prestasjonsorientert læringsmiljø er heilt til venstre og eit meistringsorientert læringsmiljø er heilt til høgre. Kvar på skalaen vil de plassere læringsmiljøet til klassen? Grunngi svaret.

  3. Korleis kan klassen din bli meir meistringsorientert og mindre prestasjonsorientert? Formuler tre konkrete forslag.

Meistringsorientert versus eit prestasjonsorientert læringsmiljø

Vi kan skilje mellom eit meistringsorientert og eit prestasjonsorientert læringsmiljø.

I ein klasse med eit prestasjonsorientert klima er elevane først og fremst opptekne av å vise det dei kan. Korleis du presterer, er det viktigaste, og dei flinkaste får mest merksemd. Elevar er opptekne av å samanlikne seg med kvarandre, og dei er redde for å feile, fordi det viser at dei manglar kunnskap.

I ein klasse med eit meistringsorientert klima er elevane først og fremst opptekne av å lære og utvikle kunnskapen sin. Det viktigaste er eleven sin eigen innsats og å utforske og forstå det hen skal lære. I eit slikt klima blir feil sett på som ein nødvendig del av det å lære noko nytt.

Forsking viser at elevar i eit prestasjonsorientert læringsmiljø opplever meir press og stress og har fleire negative kjensler knytte til skulen. Dei elevane som presterer dårleg, blir ekstra sårbare, og det er fleire som utset oppgåver. Det er òg fleire elevar som ikkje søkjer hjelp viss dei møter utfordringar, og som derfor ikkje får støtte til å dempe stresset.

Elevar i eit meistringsorientert læringsmiljø har meir positive kjensler overfor skulen og opplever mindre press og stress. Dei vel meir utfordrande oppgåver og meir effektive meistringsstrategiar viss dei møter eit nederlag.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2021

Læringsressursar

Planlegg læring