Forsøk: Halveringstid med terningar
Formålet med dette forsøket er å bli kjend med omgrepet halveringstid og få erfaring med korleis radioaktive stoff oppfører seg, på ein trygg måte.
Start med alle terningane i behaldaren.
Bestem kva terningkast som skal svare til radioaktiv nedbryting. Som eit døme bestemmer vi at einar viser at det har skjedd radioaktiv nedbryting. Alle terningar som viser ein, har dermed sendt ut radioaktiv stråling.
Tøm behaldaren med alle terningane ut over bordet.
Plukk opp alle terningar som viser einar.
Tel opp kor mange terningar som er igjen, og noter talet i ein tabell. Dette representerer talet på atom som ikkje har sendt ut radioaktiv stråling.
Legg terningane som er igjen, tilbake i behaldaren. Gjenta punkt 3 til 5 over heilt til du ikkje har (nesten) nokon terningar igjen.
Lag ein graf som viser samanhengen mellom talet på terningkast og talet på terningar som er igjen.
Finn punktet der talet på terningar er redusert til halvparten. Bruk dette til å bestemme halveringstida.
Finn to punkt i kvar sin ende av grafen og rekn ut vekstfaktoren frå eit kast til det neste. Kor mange prosent av terningane blir plukka vekk frå kast til kast? Kor mange prosent av terningane burde blitt tekne vekk, statistisk sett?
Bruk resultatet frå B til å skrive eit funksjonsuttrykk som passar best mogleg til resultata.
Legge inn punkta i GeoGebra, og gjer ein eksponentiell regresjon og samanlikn med grafen de teikna for hand.
Kva er halveringstida i denne situasjonen? Kva ville skjedd med halveringstida viss det var fleire terningkast (til dømes einar og toar) som svarte til radioaktiv nedbryting?
Samanlikn resultata i klassen.
Kva feilkjelder finst i dette forsøket? Foreslå tiltak som vil gi god nøyaktigheit i målingane.
Vurder styrkar og svakheiter med terning som modell for ein radioaktiv isotop.
Relatert innhald
På denne sida finn du eit utval av oppgåver der du skal bruke programmeringsspråket Python til å utforske halveringstid og bruke ulike funksjonar.
Halveringstida for eit radioaktivt stoff er den tida det tek å omdanne halvparten av atoma i stoffet til andre grunnstoff.