Hopp til innhald

Fagstoff

Eit praktisk eksempel på ein tredjegradsfunksjon

Korleis kan vi lage ei eske utan lokk av ei kvadratisk papplate?
Mann klatrar inn i pappeske. Foto.

Tenk deg at du skal lage ei eske utan lokk av ei kvadratisk papplate med sidelengder
60 cm. Du må då klippe bort eit kvadrat i kvart hjørne av papplata.

Du må altså klippe bort dei fire mørkeblå kvadrata på teikninga nedanfor. Dei lyseblå rektangla brettar du opp, og du får då ei eske med det lyse kvadratet i midten som botn.

Forma på eska avheng av kor store kvadrat du klipper bort. Vi kallar sidene i kvadrata du klipper bort for x. Dersom x er stor, vil eska få ein liten botn, men blir desto høgare. Dersom x er liten, vil eska få stor botn, men ho vil bli låg.

Volumet av eska vil vere avhengig av x. Det vil seie at volumet er ein funksjon av x. Vi vil finne ein formel for denne funksjonen.

Botnen til eska blir eit kvadrat med sider  60-2x. Det kan vi lese ut av teikninga. Arealet G av botnen, det vi kallar grunnflata, blir då

G(x) = 60-2x·60-2x  =60·60-60·2x-2x·60-2x·-2x  =3 600-240x+4x2

Høgda på eska blir x. Vi må multiplisere grunnflata med høgda for å få volumet, her kalla V.

Vx = 3 600-240+4x2·x=3 600x-240x2+4x3=4x3-240x2+3 600x


Volumet er altså ein polynomfunksjon av tredje grad. Vi ser også at x må liggje mellom 0 cm og 30 cm for at vi skal få ei eske. Definisjonsmengda er då

Dv=0, 30

Dersom  x=0, klipper vi ikkje bort noko, og dersom  x=30, så får vi ikkje nokon botn.

Vi teiknar grafen av volumfunksjonen.

Teikning av graf. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi ser av grafen at verdimengda er

Vv=0, 16 000]

Det vil seie at volumet til eska er større enn 0 cm3 og mindre enn eller lik 16 000 cm3.

Vi kan elles sjå av grafen at

  • dersom vi ønskjer ei eske med størst mogleg volum, må vi klippe bort kvadrat med sider 10 cm 
  • dersom vi ønskjer ei eske med volum lik 8 000 cm3, må vi klippe bort kvadrat med sider 2,68 cm eller 20,0 cm
  • vi òg kan gå motsett veg og lese av kor stort volum ein bestemd verdi av x gir
CC BY-NC-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2020

Læringsressursar

Ikkje-linære funksjonar