Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ansvarleg forbrukar?

Vi veit at vi må ta vare på ressursane i verda for framtida. Men har du tenkt på korleis du som forbrukar kan hjelpe til med dette?

Oppgåver om forbruk

Sjå programmet Live redder verden – litt, episode 4 "Forbruk" og gjer oppgåvene under.

Oppgåve 1. Individuelt

Kva tenker du etter å ha sett denne episoden av Live redder verden – litt, som handlar om forbruk? Opprett eit dokument som du kallar "forbrukaråtferd". Der skriv du ned dei første tankane du gjer deg om forbruk og kva ein ansvarleg forbrukar er.

Oppgåve 2. I klassen

Diskuter tankane dykkar i klassen. Har de nokon tankar til felles?

Oppgåve 3. Individuelt

Korleis vil du beskrive deg sjølv som forbrukar? Noter nokre nøkkelord som beskriv deg som forbrukar.

Oppgåve 4. I klassen

Diskuter om det er noko de har lyst til å endre i forbrukaråtferda dykkar etter å ha sett episoden om forbruk. Diskuter òg kva kvar enkelt av dykk sjølv kan gjere for at vi skal oppnå eit berekraftig forbruk.

Oppgåve 5. I grupper på to eller tre

De kjenner godt til korleis forbrukaråtferda er i dag. Lag ei tidslinje som viser korleis forbrukaråtferda vil utvikle seg frå vår tid og fram til 2050. Del gjerne tidslinja inn i 5-årsintervall, til dømes 2015 – 2020 – 2025 og så vidare. Bruk fantasien og informasjon de finn på nettet. Legg gjerne til bilete og videoar i tidslinja dykkar. Kva trur de vil prege forbrukaråtferda i framtida?

Verktøy for å opprette ei tidslinje

Slik kan du opprette ei tidslinje ved hjelp av SmartArt.

Oppgåve 6. I klassen

Alle gruppene presenter tidslinja si for klassen. Finn de likskapar mellom tidslinjene? Diskuter forskjellane.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2019

Læringsressursar

Marknadsføring og forbrukaråtferd