Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen Sneakerheadz

Sneakers har gått frå å vere ein subkultur til å bli allemannseige. Filmen Sneakerheadz viser korleis mote- og reklamebransjen henta inspirasjon frå hiphop- og skatekulturen for å nå ut til målgruppa med skoa dei sel. No skal du få jobbe med oppgåver til filmen.
Bilete frå filmen Sneakerheadz. Ein mann held ein sko, og fortel. I bakgrunnen er det mange sko (sneakers). Foto.

Oppgåver

Forslag til arbeid med oppgåva

Jobb gjerne i par eller i grupper.
Presenter svara på oppgåvene for klassen.

  1. Kva gjer at nokon kan risikere mykje for å få tak i det rette paret med sneakers, trur de?

  2. Beskriv kva som er typisk for marknadsføringa av sneakers, slik ho blir skildra i filmen. Er dette i samsvar med kva de opplever som typisk for marknadsføringa av sneakers i dag?

  3. Bruk døme frå filmen, og reflekter over korleis kulturelle, sosiale, personlege og psykologiske faktorar påverkar forbrukaråtferd.

  4. Kva trur de kjem til å kjenneteikne framtidas sneakers i 2050? Kanskje sko i framtida inneheld avansert teknologi? Diskuter gjerne fleire løysingar og lag skisser for å illustrere framtidas sneakers.

Relatert innhald

Kva er det som gjer at nokon kan setje mykje på spel for å få tak i det rette paret med sneakers? Dette kan du sjå meir om i filmen *Sneakerheadz*.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Marknadsføring og forbrukaråtferd