Lag ein podkast om forbrukaråtferd
Samarbeid i grupper på tre om å lage ein podkast som varer i 10 til 15 minutt. Podkasten skal ta utgangspunkt i refleksjonar og tematikk om forbrukaråtferd. De bestemmer innfallsvinkelen sjølv, men forslag til noko å ta utgangspunkt i kan til dømes vere
korleis kulturelle, sosiale, personlege og psykologiske faktorar kan påverke forbrukaråtferd
erfaringar med kjøpsroller og kjøpsprosessar
korleis vi kan leggje om forbruket vårt i ei meir berekraftig retning
forbrukarmakt
forbrukartrendar
Sjå meir informasjon og tips om det å lage ein podkast i ressursane som ligg under relatert innhald.
Relatert innhald
Lag ein panelpodkast eller ein historieforteljande podkast.
Få gode tips til arbeidet med podkast-oppgåva i desse videoane om podkastar og om lydredigering i gratis-programmet Audacity.