Filmklipp
Prinsipp i marknadsføring
Nina Vogt, høgskulelektor ved Handelshøyskolen BI, forklarer i denne filmen nokre av prinsippa innanfor marknadsføring.
Tenk over
Tenk på vareplasseringa på nokre av dei siste tinga du kjøpte i ein fysisk butikk. Kvar og korleis var produkta plasserte i butikken?
Trur du at vareplasseringa påverka kjøpsvala dine?
Synest du det er overraskande å høyre Nina Vogt fortelje at salet av mjølkesjokolade går opp med 60 prosent dersom han blir plassert vertikalt i staden for horisontalt?