Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Varner og forbrukaråtferd

I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i Varners kjeder og konsept, jobbe med tema relaterte til forbrukaråtferd.
Kasseområdet til kledebutikken Urban på kjøpesenteret Lagunen ved Bergen, oktober 2020. Logoen til kjeda Urban er laga med lysande bokstavar og heng på veggen bak kassa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan lese om Varners konsept på Varners nettside.

Oppgåver

  1. Forklar, med eigne ord, kva som blir meint med forbrukaråtferd. Kva faktorar kan påverke forbrukaråtferd?
  2. Forklar kva som blir meint med motivasjon, og gjer greie for Maslows behovspyramide. Gjer greie for kva behov som kan gjere seg gjeldande ved kjøp av produkt frå kjedene i Varner. Bruk relevante fagomgrep.
  3. Forklar kva som blir meint med merkepersonlegdom. Vel ut minimum tre av konsepta til Varner, og reflekter over merkepersonlegdommen til dei ulike konsepta.
  4. Forklar omgrepet kjøpsroller, og gi døme frå eitt eller fleire av konsepta til Varner. Her må du gjerne bruke fantasien.
  5. Gjer greie for ein kjøpsprosess, ei kundereise, med utgangspunkt i eitt av konsepta til Varner. Her må du gjerne bruke fantasien.
  6. Bruk døme frå Varners konsept, eller finn på eit nytt konsept, og forklar kva som blir meint med adopsjonsprosessen og diffusjonsprosessen.
  7. Gjer deg kjend med kva som står om berekraft på Varners nettside.
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Kristoffer Heide Kitterød.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021

Læringsressursar

Marknadsføring og forbrukaråtferd