Hopp til innhald

Fagstoff

Adopsjonsprosessen

Kva er ein adopsjonsprosess, og kva kjenneteiknar dei ulike fasane i ein adopsjonsprosess?
Dashbord i ein sjølvkøyrande bil. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Adopsjonsprosessen

Adopsjonsprosessen er prosessen ein forbrukar går igjennom frå eit nytt produkt er introdusert på marknaden, til det er akseptert eller forkasta.

Adopsjonsprosessen for eit nytt produkt treng ikkje nødvendigvis å leie til eit kjøp. I denne samanhengen kan eit nytt produkt vere både nye varer, tenester og idear. Nokre produkt blir raskt aksepterte av forbrukarar, mens andre produkt slår aldri gjennom.

Tenk over

Når prøvde du sist eit nytt produkt som du likte så godt at du heldt fram med å bruke det?

Apple-butikk i New York. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fem trinna i adopsjonsprosessen er

  1. merksemd

  2. interesse

  3. vurdering

  4. prøve

  5. adopsjon

Merksemd

Merksemd er det første trinnet i adopsjonsprosessen. Om forbrukaren ikkje er klar over at det finst eit nytt produkt, vil han eller ho heller ikkje vere i stand til å meine noko som helst om produktet. Marknadsførarar må derfor sørgje for at målgruppa blir gjord merksam på at det nye produktet eksisterer.

Marknadskommunikasjon er viktig for å skape merksemd om eit nytt produkt. Med marknadskommunikasjon meiner vi overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar. I dette tilfellet er det nye produktet marknadsføringsbodskapen, og mottakaren er målgruppa.

Interesse

Produktet må oppfattast som så interessant at forbrukaren ønskjer å vite meir om det, ved til dømes å søkje etter informasjon på nett.

Marknadsførarar må i denne fasen av adopsjonsprosessen finne ut kva målgruppa er interessert i. Denne innsikta må dei så bruke i marknadsføringa si av det nye produktet.

Vurdering

Forbrukaren vurderer om produktet eller ideen er verd å prøve.

Marknadsføraren må i denne fasen prøve å overtyde forbrukaren. Eigenskapane ved produktet, som er viktige for målgruppa, må kome tydeleg fram.

Prøve

Det å kunne prøve eit nytt produkt kan vere viktig for å finne ut om produktet er noko for deg. Du har sikkert blitt tilboden ei smaksprøve i daglegvarebutikken eller kanskje ei lita gratisprøve av ein ny parfyme på eit parfymeri.

Er det ikkje mogleg å fysisk prøve produktet, kan kanskje bruk av VR-briller eller film bidra til at du kan "prøve" produktet. I videoen under kan du sjå ei prøvekøyring av sjølvkøyrande bil frå Tesla.

Kort samandrag av filmen om sjølvkøyrande Tesla

Filmen viser ein person som sit i ein bil utan å halde i rattet. Bilen køyrer av og på motorveg, skiftar fil, stoppar fleire gonger ved stopp-skilt og stoppar til slutt ved programmert endepunkt. På ein stor skjerm i bilen er eit kart over reiseruta synleg.

Adopsjon

Adopsjonsprosessen endar med adopsjon dersom forbrukaren, etter å ha gått gjennom alle fasane, framleis er positiv og derfor aksepterer produktet.

Tenk over

Kva trur du kan vere årsaka til at nokre nye produkt, som til dømes nye Apple-produkt eller ein ny type Tesla-bil, kan bli adopterte allereie før dei kjem i sal?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2021

Læringsressursar

Marknadsføring og forbrukaråtferd