Hopp til innhald

Fagstoff

Filmen Sneakerheadz

Vala våre av klede og sko kan fortelje omgivnadene noko om oss sjølv. Kva du vel å gå med, kan seie noko om verdiane dine og kven du ønskjer å høyre saman med. Kva er det som får nokon til å risikere mykje for å få tak i det rette paret med sneakers? Dette kan du sjå meir om i filmen Sneakerheadz.
Ei ung jente tek bilete av joggeskoa sine med mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gatemote og hypebeast

Ein person som alltid følgjer med på det nyaste som kjem av klede og sko, og som er ekstremt oppdatert på dette, kan kallast ein hypebeast. Det finst mellom anna Facebook-grupper som heiter Hypebeast og Hypebeast Norge, og ein app som heiter StockX, der hovudsakleg ungdommar mellom 14 og 24 år kjøper og sel gatemote på nettet. Ein hypebeast er ein innovatør.

Gatemote er ei nemning for motetrendar som ikkje blir laga av motedesignarar. Stilane i gatemote oppstår ved at ulike individ og grupper bruker klede på ein unik måte som reflekterer kulturen, identiteten og interessene deira.

Butikkskilt med teksten "Supreme". Raud bakgrunn med kvit skrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gatemotetrenden starta som ein subkultur, men no sel òg store motehus som Gucci og Louis Vuitton gatemote. Fleire skodespelarar, artistar og modellar har vore med på å bidra til å gjere gatemote til ein del av .

Du kan lese meir om gatemote, hypebeast og handel av klede og sko i VG-reportasjen Trader merkeklær med stor gevinst (vg.no).

Bilete frå filmen Sneakerheadz. Ein mann held ein sko, og fortel. I bakgrunnen er det mange sko (sneakers). Foto.

Sneakerheadz

Ein person som samlar på, kjøper og sel skotypen sneakers som ein hobby, kan kallast ein sneakerhead. Unge såkalla sneakerheadz har sidan 80-talet risikert mykje for å få tak i det rette paret med sneakers.

Sneakers er ein skotype som er nærskyld med tradisjonelle joggesko og tennissko. Ordet "sneaker" blei først teke i bruk av reklamemannen Henry Nelson McKinney.

Utviklinga av skotypen starta på midten av 80-talet, då Nike kom med nye sko som kombinerte sportsdesignen frå basketballsko med element frå såkalla gatekultur, som hiphop og skating.

I 2020 gav skomerket Vans, som er kjent for sneakersane sine, forbrukarar moglegheit til å designe sine eigne sko. Forbrukarar kan laste opp sin eigen design og bestille heilt unike par med sko. Dette kan du sjå ein liten video om og lese litt meir om i artikkelen Slik vant Vans flere kunder og WARC Media Awards (starcom.no).

Filmen Sneakerheadz

Dokumentarfilmen Sneakerheadz, som du kan sjå nedanfor, viser korleis lidenskapen for skotypen sneakers har gått frå å vere ein subkultur til å bli allemannseige.

Tidlegare måtte sneakerssamlarane oppsøkje dei fysiske butikkane i dei store amerikanske byane for å få kjøpt dei skopara dei hadde lyst på. I dag skjer mykje av handelen over internett. Framveksten av internett har òg bidrege til at sneakerskulturen har gått frå å vere eit amerikansk fenomen til å spreie seg globalt.

I filmen møter vi fleire kjende personar frå sneakersmiljøet, både designarar og skosamlarar. Filmen utforskar korleis mote- og reklamebransjen har henta inspirasjon frå hiphop- og skatekulturen for å nå ut til målgruppa med skoa dei sel.

Filmen peiker òg på skuggesida av sneakerskulturen. Ifølgje filmskaparane skjer det om lag 1000 sneakersrelaterte drap kvart år. Mange av dei drepne er unge menneske som mister livet i samband med overfall og ran av skoa dei går med.

Du kan sjå filmen nedanfor.

Kjelde

Haugen, E.A. (2020, 1. mars). Trader merkeklær med stor gevinst. VG. Henta frå https://www.vg.no/spesial/c/stories/4qj4r9

Relatert innhald



CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Tina Andersson Jensen.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Marknadsføring og forbrukaråtferd