Hopp til innhald

Fagstoff

Økologisk fotavtrykk

For å oppnå eit meir berekraftig forbruk kan du berekne det som blir kalla økologisk fotavtrykk. Bruk ein kalkulator for å få ei oversikt over kva del av forbruket ditt som bidreg til størst økologisk fotavtrykk, og finn ut kvar ei endring har størst effekt.
Verdskart som viser dei ulike landa sine økologiske fotavtrykk. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Økologisk fotavtrykk – kor stor del bruker du?

Økologisk fotavtrykk er eit uttrykk for kor mykje vi belastar jorda sine økosystem for å oppretthalde levestandarden vår. Dette blir uttrykt som areal. Gjennom forbruket vårt legg vi beslag på areal i mange land.

Det økologiske fotavtrykket ditt fortel kor stort produktivt areal av land og sjø som trengst for å

  • produsere det du forbruker av mat, tekstilfibrar, trevirke og mange andre produkt
  • absorbere avfall og utslepp frå forbruket ditt
Det økologiske fotavtrykket ditt er summen av mange små areal som er spreidde over heile verda. Dette er areal som går med til å dyrke den maten du bruker.

Produksjon av kjøt krev større areal enn produksjon av korn, og mykje av den maten vi et, er dyrka i utlandet.

Økologisk fotavtrykk eller klimafotavtrykk?

Desse to omgrepa blir brukte litt om kvarandre. Dei heng saman, men måler eigentleg ulike ting. Det økologiske fotavtrykket ditt handlar om kor store naturressursar forbruket ditt krev. Det er hovudsakeleg knytt til natur og miljø, og ikkje klima. Klimafotavtrykket har òg å gjere med oss som individ, men handlar altså om kor store klimagassutslepp forbruket vårt fører til. Dette kan du lese om i artikkelen "Noregs og mine klimagassutslepp".

Earth Overshoot Day – dagen vi overskrid budsjettet for jorda

Organisasjonen Global Footprint Network bereknar kvart år "Earth Overshoot Day". Dette er den dagen i året då landa i verda har brukt opp alle ressursane som jorda klarer å attskape det året. Resten av året er det overforbruk av naturressursar: vatn, fisk, skog og mineral. I 2022 kom denne datoen 28. juli, mens han i ei berekraftig verd skulle ha vore 31. desember. I 1971 var "World Overshoot Day" 21. desember. Alle år sidan har dagen komme tidlegare og tidlegare.

Grøn jordklode der menneske formar eit stort fotavtrykk. Illustrasjon.

Finn ut!

På kva dato når vi "World Overshoot Day" om alle i verda har det same forbruket som deg?

Ta testen på What is your Ecological Footprint?

Relatert innhald

I denne artikkelen ser vi på kva klimagassutsleppet til nordmenn er, og kvifor Noreg sine utslepp ikkje seier alt om klimagassutsleppet mitt og ditt.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Marknadsføring og forbrukaråtferd