Maslows behovspyramide - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Maslows behovspyramide

Maslows behovspyramide viser menneskelege behov som steg i eit hierarki. Les om kva dei inneber, og drøft korleis dei kan brukast for å motivere til kjøp.

Kan du setje kvart steg i pyramiden der det høyrer heime? Du kan lese meir om stega under pyramiden.

Behovsteori

Den amerikanske psykologen Abraham Maslow har skapt ein av dei mest kjende klassifikasjonane av menneskelege behov. Teorien blir kalla behovspyramiden, sjå figuren.

Vi kan bruke behovspyramiden som grunnlag for å forstå kva ulike behov kan ha å seie i samband med kjøp og sal.

Beskriving av Maslows behovspyramide

Trinn 1: Fysiologiske behov

Gjeld behov for mat og drikke og vern mot streng kulde, sterk varme, smerte og ubehag.

Trinn 2: Sikkerheitsbehov

Gjeld mellom anna vern mot fysiske angrep. Sikkerheit handlar òg om føreseielegheit og faste rammer, om regelmessigheit, stabilitet, orden og struktur i tilværet.

Trinn 3: Sosiale behov

Vi menneske er skapte for å leve i fellesskap, ikkje enkeltvis eller isolert. Ofte er handlingane våre bestemde av ønsket om kontakt og samhøyr med andre. Vi treng nokon å vere saman med, dele opplevingar med og tru oss til.

Trinna 1–3 blir kalla Maslow mangelbehov. Viss vi manglar mat, drikke, sikkerheit eller kontakt, kjem kroppen i ubalanse. Når vi sørger for tilførsel av det vi manglar, blir balansen retta opp att – for ei stund. Vi kan seie at behov er manglar som må bli dekte for at vi skal kunne oppleve velvære.

Trinn 4: Aksept

Dei fleste av oss ønsker å få ros og oppnå status og prestisje. Somme ønsker berre å få velfortent ros, somme vil bli flinkast i klassen, mens andre vil vinne i idrett eller andre former for konkurransar. Ein kan òg få status ved alltid å ha siste mote i klede, den mest moderne mobiltelefonen eller det dyraste stereoanlegget.

Trinn 5: Sjølvrealisering

Å realisere seg sjølv vil seie å få moglegheit til å bruke dei medfødde evna sine og realisere draumane sine. Behovet for sjølvrealisering er på sett og viss umetteleg. Ambisjonane varierer sterkt. Eit menneske med stort behov for sjølvrealisering set seg stadig nye mål.

Trinna 4 og 5 kallar vi vekstbehov.

Maslow samanliknar behova med trinna i ein pyramide. Behov på det nedste trinnet må bli tilfredsstilte før vi tenker på sikkerheit og tryggleik, sosial kontakt, sjølvhevding og sjølvrealisering.

Maslow presenterte behovspyramiden første gang i 1949 og utvikla han vidare fram til han døydde i 1970. Pyramiden er framleis aktuell, men psykologar meiner ikkje lenger at vi nødvendigvis må få tilfredsstilt behova i eitt trinn før vi kan søke å få tilfredsstilt behov på eit høgare trinn.

Tenk etter

Ta for dykk trinn for trinn i behovspyramiden. Drøft korleis ulike behov kan motivere til kjøp av ulike varer og tenester.

Skrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021