Hopp til innhald

Fagstoff

Diffusjonsprosessen

Er du ein som kastar deg over nye trendar og produkt, eller ventar du til alle andre bruker produktet? Vi forbrukarar aksepterer nye produkt til ulik tid, og som marknadsførarar må vi vite kva som kjenneteiknar dei ulike forbrukargruppene.
Ein mann med VR-briller ser ein person som kjem fram frå pikslar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diffusjonsprosessen handlar om korleis forbrukargrupper aksepterer nye produkt til ulik tid. Ordet diffusjon betyr spreiing, og nye produkt spreier seg blant ulike kategoriar brukarar i marknaden til ulik tid.

Ny teknologi blir av nokon teken i bruk med det same han blir lansert. Nokon plukkar opp nye klestrendar tidleg, mens andre bruker lang tid og må venje seg til det endra motebiletet før dei vil akseptere det.

Tenk over

Liker du å vere tidleg ute med nye produkt, eller tykkjer du det som oftast kan vere greitt å sjå an litt?

Forbrukarar kan delast inn i fem forbrukargrupper ut frå kor raskt dei aksepterer nye produkt:

  • innovatørar

  • tidlege brukarar

  • tidleg majoritet

  • sein majoritet

  • etternølarar

Innovatørar

Innovatørane er dei som er først ute med å ta i bruk nye produkt. Innovatørar har ofte ei påverknadskraft, og når innovatørar aksepterer eit nytt produkt, vil dei ofte vende seg aktivt til andre.

Innovatørane er ofte vågale, sosiale, verdsvane og opne for nye impulsar og idear, og dei liker å prøve nye ting. Dei søkjer ofte informasjon og formidlar han vidare til andre. På den måten er innovatørar ofte såkalla . Innovatørane utgjer berre cirka 2,5 prosent av befolkninga.

Jente med rosa hår som lagar video med seg sjølv framfor klesskåpet sitt. Foto.

I filmen Den perfekte familien har familien Jones det nyaste innan mobiltelefonar, golfutstyr, sminke og merkeklede. Det tek ikkje lang tid før naboane begynner å kopiere stilen til den tilsynelatande perfekte familien. Du kan sjå filmen ved å gå inn i den relaterte artikkelen nedanfor.

Informasjon til lærar

Filmen Den perfekte familien kan knytast opp til fleire tema i faget, og det er laga oppgåver til filmen om tema som forbrukaråtferd, målgrupper og marknadskommunikasjon.


Det kan vere at du som lærar anten vurderer det som føremålstenleg å sjå filmen tidleg i skuleåret eller å sjå han litt seinare i skuleåret, når elevane har meir fagleg grunnlag for å skulle jobbe med oppgåver relatert til filmen. Filmen er knytt inn fleire stader i faget, og det er altså opp til læraren å velje om det skal vere ei fellesframsyning av filmen i klasserommet, og når på skuleåret dette er mest føremålstenleg.

Relatert innhald

Tidlege brukarar

Tidlege brukarar er, som innovatørane, opne for det som er nytt. Dei tidlege brukarane kan likevel vere meir opptekne av å forhøyre seg litt med personar i den sosiale omgangskrinsen sin før dei aksepterer eit nytt produkt.


Tidlege brukarar, er, som innovatørane, ofte opinionsleiarar. Dei tidlege brukarane påverkar ofte andre med omsyn til meiningar, idear og forbruk. Dei er ofte respekterte og nyt stor respekt. Tidlege brukarar utgjer cirka 13 prosent av befolkninga.

Kvinne med berbar PC, mobil og kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidleg majoritet

Tidleg majoritet er ei forbrukargruppe som treng litt meir tid for å ta i bruk nye produkt. Dei aksepterer ikkje nye produkt før dei ser kva erfaringar andre har med dei nye produkta, og dei bruker ofte ein del tid før dei tek avgjerder. Dei ønskjer likevel ikkje å vente til produktet har blitt altfor vanleg. Den tidlege majoriteten utgjer cirka 34 prosent av befolkninga.

Sein majoritet

Sein majoritet er ei forbrukargruppe som ofte er skeptiske til det som er nytt. Dei bruker ofte nokså lang tid på å akseptere og plukke opp nye produkt. Personar i denne gruppa vil vere sikre på at produktet er skikkeleg utprøvd før dei tek det i bruk. Det er ofte ein del eldre menneske i denne forbrukargruppa. Sein majoritet utgjer cirka 34 prosent av befolkninga.

Etternølarar

Etternølarane er tradisjonsbundne. Ofte prøver dei ikkje nye produkt i det heile, eller i alle fall veldig seint. Personar i denne gruppa tek ofte ikkje i bruk nye produkt før det ikkje er nokon annan utveg. Etternølarar utgjer cirka 16 prosent av befolkninga.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2021

Læringsressursar

Marknadsføring og forbrukaråtferd