Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å lykkast med marknadsføring

I denne oppgåva skal de lage ein presentasjon om ein eller fleire verksemder som de meiner lykkast med marknadsføring.
Symbol for marknadsføring på internett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Kva kjenneteiknar god marknadsføring?

  2. Vel ut ein til tre verksemder som de meiner lykkast med marknadsføring. Grunngi valet av verksemder, og gjer greie for korleis de meiner at verksemdene lykkast med marknadsføring. Lag ein presentasjon og legg han fram for klassen.

Forslag til korleis de kan arbeide med oppgåva
  • Jobb gjerne i par eller i grupper.

  • Presenter for klassen.

  • Ha ein felles diskusjon i klassen om kva som kjenneteiknar verksemder som lykkast med marknadsføring.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Marknadsføring og forbrukaråtferd