Oppgåve
Lær av kvarandre om forbrukaråtferd
I denne oppgåva skal du samarbeide med den du sit
ved sida av i klasserommet, med vekt på å lære av kvarandre om forbrukaråtferd. Lykke til!
Sjå på omgrepa nedanfor, og fordel dei med medeleven ved sida av deg.
- Bruk nokre minutt på å setje deg inn i omgrepa du har fått tildelt, før du forklarer dei for medeleven din.
- Be deretter medeleven formulere det han/ho har lært av deg, med eigne ord.
- Medeleven forklarer deretter dei andre omgrepa til deg, før du skal formulere desse med eigne ord.
Fokuset i denne oppgåva er å lære av kvarandre.
- forbrukaråtferd
- motivasjon
- behovspyramiden
- faktorar som påverkar forbrukaråtferd
- kjøpsroller
- kjøpsprosess/kundereise
- adopsjonsprosess
- diffusjonsprosess
- berekraftig forbrukaråtferd