Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kan vi hjelpe verda litt?

Forbrukarar i dag blir stadig meir opptekne av å bidra til ei betre verd, spesielt når det gjeld forsøpling og forureining. Det vi opplever og kjøper, skal forureine minst mogleg, og spesielt plastforsøpling er ei viktig sak for stadig fleire.

Oppgåver om miljøtiltak

Oppgåve 1 – individuelt

  • Sjå denne episoden av «Live reddar verden – litt» saman i klassa. Her prøver Live å endre livsstilen sin og bli «grønare».
  • Mens du ser episoden, skriv ned punkt som du meiner er viktige tiltak.
  • Er det nokre tiltak du ikkje har tenkt på før?

Etter filmen:

Oppgåve 2 – i klassa

  • Vel ein ordstyrar, og ein som kan skrive på tavla. Diskuter punkta de har notert, og bli samde om kva tiltak de meiner er viktige. List dei opp på tavla.
  • Ta utgangspunkt i lista på tavla og bli samde om fem tiltak de kan tenkje dykk å gjennomføre, både heime og på skulen. Kan dette vere dykkar bidrag til å redde verda litt?

Oppgåve 3 – i grupper

  • Del klassa i fem grupper. Kvar gruppe lagar ein reklameplakat for kvart sitt «Vi reddar verda litt»-tiltak. Finn informasjon på internett, bruk gjerne bilete, og klipp og lim.
  • Heng plakatane opp i klasserommet.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2020

Læringsressursar

Marknadsføring og forbrukaråtferd