Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forbrukaråtferd i filmen Den perfekte familien

No skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaet forbrukaråtferd å gjere.

Oppgåver

  1. Gjer greie for Maslows behovspyramide, og vurder kva for eit eller kva for nokre behov som er mest framståande i filmen.
  2. Bruk døme frå filmen, og reflekter over korleis kulturelle, sosiale, personlege og psykologiske faktorar påverkar forbrukaråtferd.
  3. Gjer greie for kjøpsprosessen for eit sjølvvald produkt i filmen. Bruk dei føresetnadene du meiner er naudsynte for å kunne gjere greie for kjøpsprosessen.
  4. Vel deg ut eit kjøp du ser i filmen, og gjer greie for kjøpsrollene.
  5. Ta for deg adopsjonsprosessen som forbrukaren går gjennom frå eit nytt produkt er introdusert på marknaden, til forbrukaren har akseptert eller forkasta produktet. Forklar adopsjonsprosessen med utgangspunkt i eit sjølvvald døme frå filmen.
  6. Diffusjonsprosessen handlar om korleis nye produkt spreier seg blant ulike kategoriar brukarar i marknaden. Finn døme frå filmen på dei ulike kategoriane. Er det nokon av kategoriane som det er vanskeleg å finne døme på i filmen?
  7. I starten av filmen bekymrar «mor» seg for at «far» ikkje er dyktig nok i jobben sin, og ho tek ein samtale med han 33 minutt ut i filmen. Kva handlar denne samtalen om, og kva er det som gjer at salet hans etter kvart blir vesentleg betre?
Utsnitt frå filmen Den perfekte familien. Foto.

Til denne filmen finst det òg oppgåver til temaa marknadskommunikasjon og segmentering og målgruppeval. Sjå desse relaterte artiklane:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2021

Læringsressursar

Marknadsføring og forbrukaråtferd