Oppgåve
Video
Marknadskommunikasjon i filmen Den perfekte familien
No skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien (lengde 01:35:42). Oppgåvene har med temaet marknadskommunikasjon å gjere.
Oppgåver
- Kva blir meint med influensarmarknadsføring, og korleis kan influensarmarknadsføring knytast til denne filmen?
- Drøft påstanden «det er fleire etiske utfordringar med influensearmarknadsføring».
- Forklar AIDAS-modellen, og nytt døme frå filmen.
- Vi kan skilje mellom personleg kommunikasjon og massekommunikasjon. Gjer greie for korleis hovudpersonane i filmen nyttar såkalla personleg kommunikasjon for å påverke.
- Vurder fordeler og ulemper ved personleg kommunikasjon i marknadsføringssamanheng, og nytt døme frå filmen.
- Nytt eit døme frå filmen og gjer greie for Lasswells hugseregel for kommunikasjonsanalyse: «Kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?»
- Kva blir meint med at filmen problematiserer ein type skjult marknadsføring?
- Drøft påstanden «det er som regel tydeleg at det er snakk om innhald som er kjøpt og betalt på ulike bloggar og sosiale medium».
- Tenk over: Har du nokon gong blitt påverka av andre til å kjøpe noko? Er du overraska over at den tilsynelatande perfekte familien hadde så sterk påverknadskraft på personar i filmen? Kvifor/kvifor ikkje?
- Familien Jones er ikkje ein ekte familie, men ei marknadsføringseining som består av fire profesjonelle influensarar. Jobben deira er å selje produkt gjennom å verke rike, vakre og vellykka. Skriv eit refleksjonsnotat om filmen.
Relatert innhald
Marknadsføringsmodellen AIDAS
Ei kort innføring i marknadsføringsmodellen AIDAS.
Lasswells hugseregel
Lasswells hugseregel, «kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?», er nyttig for å analysere ein kommunikasjonsprosess.

David Duchovny og Demi Moore i filmen Den perfekte familien.
Til denne filmen finst det òg oppgåver til temaa forbrukaråtferd og segmentering og målgruppeval. Sjå desse relaterte artiklane:
Relatert innhald
Forbrukaråtferd i "Den perfekte familien"
No skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaet forbrukaråtferd å gjere.
Målgrupper i filmen Den perfekte familien
No skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaa segmentering og målgruppeval å gjere.