Tilgang på kommunikasjonskanalar
Ulike kommunikasjonskanalar
Nokre kommunikasjonskanalar er det verksemda sjølv som eig, slik som nettsida, Facebook-sida og Instagram-kontoen til verksemda. Dette blir kalla eigde kanalar. I eigde kanaler kan ei verksemd fritt dele innhald som dei meiner er relevant for målgruppa. Å dele innhald i desse kanalane er gratis, i motsetning til annonsering, som verksemda betaler for.
Andre kommunikasjonskanalar er betalingskanalar, som kjøpt reklame, og dette blir kalla kjøpte kanalar.
Ein siste kategori av kommunikasjonskanalar som er viktig for ei verksemd, er det som andre skriv om verksemda, og dette blir kalla fortente kanalar. Det kan til dømes dreie seg om ein avisartikkel i samband med at verksemda har gjort noko positivt for lokalsamfunnet.
Ei god tilnærming er å ha eit balansert nærvær innanfor dei ulike kanalgruppene og variere innhaldet i dei ulike kanalane. Vidare er det viktig å kjenne målgruppa og gi relevant og nyttig innhald.
Bruk av kommunikasjonskanalar i Cutters
I filmen nedanfor (lengde 0:51) fortel Cutters-gründer Lasse Smedsvig om korleis dei jobbar strategisk for å få andre til å skrive om Cutters i såkalla fortente kanalar.
Kontroversiell reklame
Når det gjeld det å bli omtalt i fortente kanalar, er det ikkje nødvendigvis berre dei som utmerker seg positivt, som får omtale. Eit døme på dette kan vere ein av reklamefilmane til nettopp frisørkjeda Cutters, frå 2018. I denne reklamefilmen, som Cutters kjøpte av reklamebyrået Synk Media, følgjer vi ei ung jente som skal på date. Etter å ha oppdaga ei kvise i panna reddar ho situasjonen med ein kjapp frisørtime hos Cutters, der ho skaffar seg pannelugg.
I neste sekvens i filmen blir jenta vist i ein seksuell situasjon, saman med teksten «Bangs for the buck». Reklamefilmen blei òg delt på Cutters' eigde kanalar. Han fekk mykje kritikk og mykje omtale i såkalla fortente kanalar av sjåarar og fleire PR-ekspertar, og han blei etter kvart stoppa.
Drøft påstandene
nokre verksemder opererer på kanten for å få merksemd
all PR er god PR
Relatert innhald
Med kommunikasjonskanal meiner vi det mediet vi bruker for å nå målgruppa vår.