Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon

Fagstoff
Interaktivt innhald
Video

Lasswells hugseregel

Har du nokon gong tenkt på at du kan analysere ein kommunikasjonsprosess ved hjelp av éi setning? Setninga «kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?» kan vere til hjelp i å forklare kommunikasjonsprosessen.

Analysere ein kommunikasjonsprosess

Lasswells hugseregel for kommunikasjon er eit nyttig verktøy når du skal analysere ein kommunikasjonsprosess. I 1948 formulerte kommunikasjonsforskaren Harold Lasswell den følgjande setninga for å forklare kommunikasjonsprosessen: «Kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?»

Lasswells hugseregel kan seiast å vere ei enkel, munnleg framstilling av kommunikasjonsmodellen. I marknadskommunikasjon skjer det ei overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar.

Forstår du Lasswells hugseregel?

I dei interaktive oppgåvene nedanfor kan du teste om du har forstått omgrepa i Lasswells hugse­regel.

Reklame for Lerum

Korleis kan vi bruke Lasswells hugse­regel til å forklare ein kommunikasjonsprosess? Nedanfor skal vi vise dette ved å analysere ein reklamefilm for Lerum (lengde 0:45).

Reklamefilm for Lerum. Video. Video: Lerum / Avgrensa gjenbruk

Analyse

Kven – Lerum

seier kva – at produkta våre er laga av dei beste fruktene og bæra

til kven – målgruppa, dei som kjøper saft og syltetøy

i kva kanal – YouTube, reklamekanalar på TV, kinoreklame

med kva verknad – at det vil vere meir sannsynleg at målgruppa vel å kjøpe saft og syltetøy frå Lerum

Informasjonskampanje for Statens vegvesen

No skal vi analysere ein informasjonskampanje for Statens vegvesen. Sjå filmen nedanfor (lengde 0:50).

Tekststøtte til filmen fra Statens vegvesen

I filmen ser vi ein ungdomsgjeng. Ein av gutane set seg inn i ein bil og råkøyrer. Mens det skjer, blir han yngre og yngre. Då han til slutt kjem ut av bilen, ser han ut som ein liten gut og seier: "Var det kult, eller?" Dei andre ungdommane trekker på skuldrene og går sin veg. Deretter får vi følgande informasjon: "Den delen av hjernen som vurderer risiko og konsekvensar, heiter frontallappen og blir utvikla seinare hos gutar. Dersom ein gut vel å køyre for fort, kan det rett og slett vere fordi han er umoden."

Analyse

Kven – Statens vegvesen

seier kva – at råkjøring er barnsleg

til kven – ungdom (gutar spesielt)

i kva kanal – YouTube

med kva verknad – riktige haldningar til bilkøyring og fart

Test deg sjølv

I den interaktive oppgåva nedanfor skal du, med utgangspunkt i Lasswells hugseregel, finne ut «kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?».

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 08.01.2026