Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon

Fagstoff
Video

Verkemiddelbruk i reklamefilm

Kva for verkemiddel kan vi bruke i ein reklamefilm? Start med å sjå filmen nedanfor (lengde 07:23), som gir ei innføring i bruk av verkemiddel.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Verkemiddelbruk

Å treffe kjensler er sentralt når reklame blir planlagd og produsert. Verkemiddelbruken kan til dømes vere å bruke humor eller alvor, eller å lage ei trist forteljing. Samtidig må målgruppa sjå nytteverdien av det som det blir reklamert for.

Diskuter

  • Kva for verkemiddel blei forklarte i filmen Virkemidler i reklamefilm?

  • Korleis fungerer verkemidla i reklamefilmklippa som blei viste?

Reklamefilm frå Statens vegvesen

Nedanfor er ein reklamefilm frå Statens vegvesen (lengde 0:45) som er eigna til å diskutere bruk av verkemiddel i reklamefilm.

Diskuter

  • Kva for verkemiddel blir nytta i denne reklamefilmen?
  • Vi har tre retoriske appellformer som kan brukast til å overtyde andre. Den første, som blir kalla etos, appellerer til truverd. Dei to andre appellformene er logos, som står for sak og fakta, og patos, som speler på kjenslene til mottakarane.

    • Kjem dei retoriske appellformene til uttrykk i reklamefilmen frå Statens vegvesen?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 11.01.2026