Kommunikasjonskanalar - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kommunikasjonskanalar

Sosiale medium er ein av fleire kommunikasjonskanalar som verksemder kan nytte for å nå deg som forbrukar. Kva andre kommunikasjonskanalar finst, og korleis vel verksemder kva kommunikasjonskanalar dei vil nytte?

Marknadskommunikasjon er overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar. Marknadskommunikasjon skjer via ulike kommunikasjonskanalar, som internett, TV, radio, aviser og tidsskrift. Men kva kommunikasjonskanal skal vi velje?

Kommunikasjonskanal og målgruppe

For å nå målgruppa vår må vi velje ein kommunikasjonskanal som målgruppa bruker. Det er stor forskjell på rekkjevidda til dei ulike kommunikasjonskanalane. Med rekkjevidd meiner vi her kor stor del av den potensielle målgruppa vi når.

Skal vi treffe ungdom mellom 16 og 18 år, er ei avis som Aftenposten sannsynlegvis ikkje det beste kanalvalet. Denne aldersgruppa orienterer seg i større grad gjennom internett og sosiale medium enn gjennom tradisjonelle aviser.

Eigenskapar ved ein kommunikasjonskanal

Det finst mange ulike kommunikasjonskanalar, og det er fordelar og ulemper med dei alle.

Når vi skal velje kommunikasjonskanal, må vi vurdere kva evne kanalen har til å overføre bodskapen vår til målgruppa.

Viktige eigenskapar ved kommunikasjonskanalen er

  • distribusjonseigenskapar
  • presentasjonseigenskapar
  • reaksjonseigenskapar

Med distribusjonseigenskapar meiner vi evna kommunikasjonskanalen har til å nå målgruppa. Det er viktig å kjenne til dekningsdata for kanalen, altså talet på dei som får bodskapen. Det er òg viktig å kjenne til strukturdata for kanalen, det vil seie kven som får bodskapen.

Presentasjonseigenskapar vil seie evna kommunikasjonskanalen har til å presentere bodskapen. Dette kan dreie seg om til dømes teknisk kvalitet, fargar, lyd, plassering og tidspunkt.

Reaksjonseigenskapar er evna kommunikasjonskanalen har til å framkalle reaksjonar. Kva reaksjonar er det vi vil oppnå med marknadskommunikasjonen?

Vi ønskjer å velje den kommunikasjonskanalen som mest effektivt formidlar bodskapen til målgruppa vår. Med effektivt meiner vi både i form av best mogleg måloppnåing og lågast mogleg kostnad.

Kontaktpris

Prisen på kommunikasjonskanalar varierer sterkt. Det kan til dømes vere veldig kostbart å annonsere på førstesida i ei riksdekkjande avis, men til gjengjeld treffer ein antakeleg mange potensielle kjøparar.

For å finne kontaktprisen per person må vi derfor sjå annonseringutgiftene i lys av kor mange personar vi når gjennom den aktuelle kommunikasjonskanalen.

Ein miks av kommunikasjonskanalar

Det kan ofte vere aktuelt å nytte fleire ulike kommunikasjonskanalar. Samansetjinga av kommunikasjonskanalar blir òg kalla mediemiks. Den mediemiksen vi vel for å nå målgruppa vår, kan til dømes vere annonsering via sosiale medium, avisannonsar, reklamefilm og radioreklame.

Val av kommunikasjonskanalar må vere nøye gjennomtenkte. Dersom vi slurvar med forarbeidet her, kan vi risikere å velje kommunikasjonskanalar som ikkje treffer målgruppa godt nok.

I filmen under fortel Kaja, som er dagleg leiar av Vippa mathall, korleis dei nyttar ulike kommunikasjonskanalar i marknadskommunikasjonen sin.

Dagleg leiar av Vippa mathall fortel om bruk av marknadskommunikasjon. Video. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng, Live Marie Toft Sundbye og Mette Holan. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 27.12.2020