Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Forsøk: Lag di eiga tettemjølk

I tusenvis av år har menneska nytta bioteknologi til å lage nyttige produkt. I dette forsøket skal du utforske tradisjonell bioteknologi ved å prøve å lage di eiga tettemjølk, både ved bruke tettegras og ein ferdig tettekultur.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Bakgrunnsteori

I gamle dagar var det nødvendig å få mjølk til å halde seg lenge, spesielt når kyrne mjølka lite om vinteren eller i varmen om sommaren. Tettemjølk er eit mjølkeprodukt som er syrna ved hjelp av tettekultur, og det gjer at haldbarheita til mjølka aukar. Tettemjølk er eit produkt som har vore brukt i store delar av Noreg, òg kjend som tjukkmjølk. Tettemjølk er òg kjend frå Nord-Sverige, som Långfil, og frå dei vestlege delane av Finland, som Viili.

Det har vore vanleg å tru at planten tettegras kan brukast til å lage tettemjølk, men fleire har sådd tvil om dette verkeleg stemmer.

Tette inneheld fleire ulike typar mikroorganismar, mellom anna slimdannande laktokokkar (Lactococcus lactis subsp. cremoris) som gjer mjølka seig. Når tettemjølka er ferdig, kan ein spare litt tette til neste gong ein skal lage tettemjølk.

Hensikt

Målet med forsøket er å utforske praktisk bruk av bioteknologi ved å forsøke å lage tettemjølk ved hjelp av tettegras og ein ferdig tettekultur.

Sidan det er farleg å ete eller drikke på laboratoriet, bør de gjere dette forsøket på klasserommet eller på eit kjøkken.

Framgangsmåte

Del 1: Lage tettemjølk

Alternativ 1. Skyl blada frå planten, og legg dei reine blada i botnen av ei djup skål.

Alternativ 2. Bruk ferdig tettekultur, frå til dømes ferdig tjukkmjølk, og legg ei matskei av denne i botnen av ei djup skål.

  1. Kok opp mjølka i ein kjele, og kjøl ho ned til 37 gradar.

  2. Hell den avkjølte mjølka over blada/kulturen i skåla, rør varsamt. Dekk skåla med plast eller klede. La skåla stå lunt i 2–3 dagar eller til mjølka har tjukna.

  3. No kan du smake på tettemjølka. Nokon føretrekker å strø litt sukker på toppen.

Del 2: Undersøking av mikroorganismane i tettekulturen, i mikroskop

  1. Tilset ein knivsodd tettekultur i eit begerglas med 1 matskei vatn. Blandinga skal vere tyntflytande.

  2. Lag eit preparat ved å legge ein drope av løysinga på eit objektglas, og legg over eit dekkglas.

  3. Studer preparatet i mikroskop. Fortel kva du ser. Du kan ta bilete av det du ser, gjennom okularet på mikroskopet med mobilen din.

Kjelde

Furuset, K. (2005, 13. februar). Tettegras og tettemelk. Naturen, 129 (5), 206–214. https://doi.org/10.18261/ISSN1504-3118-2005-05-02

Skrive av Eva Johnsen.
Sist oppdatert 25.11.2024