Oppgåve
Nǐ hǎo: Tiltaleformer, måtar å helse på og namn i dagens Kina – studiespørsmål
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lest artikkelen Nǐ hǎo 你好: Tiltaleformer, måtar å helse på og namn i dagens Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.
- Kva bør du passe på når du skal få deg eit kinesisk namn?
- Finn eksempel frå norsk presse på korleis ein surrar med kinesiske for- og etternamn.
- Finn eksempel på kuriøse «vestlege» fornamn ved å søkje litt på nettet på engelskspråklege nettstader i Kina, Hongkong og Taiwan.