Oppgåve
Einevelde og sensur
Oppgåver til fagteksten "Den lesande offentlegheita".
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.
Oppgåve 1
- Kva er grunnen til at mediehistorikar Henrik Bastiansen reknar året 1660 som starten på norsk mediehistorie?
- Kva meiner vi med omgrepet ”einevelde”?
- Kvifor og korleis gjennomførte makthavarane trykkesensur?
- Kva tyder ordet ”imprimatur”?
- Kva meiner vi med omgrepet ”ytringsfridom?
- Når fekk vi ytringsfridom i Noreg?
- Kven gav ut den første norske avisa, og korleis omgjekk han pressesensuren?
- Kva meiner vi med omgrepet ”ei lesande offentlegheit”?
Oppgåve 2
Lag ei historisk oversikt i tekst og bilete over eineveldet i Noreg og publikasjonar som blei utgjevne i Noreg i dette tidsrommet. Bruk eit presentasjonsverktøy som PowerPoint eller Prezi.
Relatert innhald
Ei lesande offentlegheit 1660–1814
Norsk mediehistorie tek til med innføring av eineveldet Danmark-Noreg i 1660. At folk lærte å lese og offentleg postverk skapte ei lesande offentlegheit.