Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

NRK eller ARK?

Carl I. Hagen omtalte i si tid NRK som "ARK" (Arbeiderpartiets rikskringkasting). Andre har også peika på det sterke bandet mellom NRK og Arbeidarpartiet i etterkrigstida.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.
NRK si rolle i 1960-åra (Opphavsmann: NRK). Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåve 1

Mediehistorikar Henrik Bastiansen seier mellom anna følgjande i denne videoen:

Det interessante er at dersom Knut Tvedt hadde blitt tilsett som kringkastingssjef, så hadde vi fått eit anna NRK enn det vi fekk, vi hadde fått eit anna radio og fjernsyn, og vi hadde fått eit anna Noreg i løpet av 1960-talet enn det vi faktisk fekk.

Korleis grunngjev Henrik Bastiansen denne påstanden?

Oppgåve 2

Set opp ei oversikt over alle kringkastingssjefane i NRK etter andre verdskrigen og finn ut kva for politiske parti dei eventuelt har vore knytte til.

Oppgåve 3

Den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Statsminister Einar Gerhardsen (Ap) opna saman med kong Olav dei første norske fjernsynssendiingane i 1960. Spel av klippet frå ca.11.30 til 16.30.

Korleis vil du forklare at Arbeidarpartiet såg på NRK som ein viktig institusjon i det politiske byggverket sitt?

Relatert innhald

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist oppdatert 23.01.2018