Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Haldningskampanje for å resirkulere gamle mobiltelefonar

At det i dag er mange dyr i verda som er i ferd med å døy ut, visste du sikkert. Men visste du at den gamle mobiltelefonen din kan vere med på å redde nokre av dei?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Den demokratiske republikken Kongo er eit land berykta for gruvedrift og utvinning av mineral og metall til produksjon av mobiltelefonar. I takt med auka gruvedrift får mellom anna gorillaene mindre leveområde og blir i større grad eit lettare byte for ulovleg jakt. For å forhindre denne utviklinga oppmodar no forskarar i Australia oss til å gjenvinne gamle mobiltelefonar.

Relatert innhald

Slik påverkar du haldningar

Har du tenkt på fordelane ved å tilsette ein blind medarbeidar? Det gjorde reklamebyrået Try då dei laga ein haldningskampanje for Noregs blindeforbund.

Oppdrag: Planlegg ein haldningskampanje

Formålet med ein haldningskampanje er å få folk til å endre haldningar og åtferd. Føresetnaden for ein vellykka haldningskampanje er grundige undersøkingar, definisjon av målgrupper og god planlegging av kommunikasjon.

Det finst mange gode grunnar til å resirkulere både mobiltelefonar og annan elektronikk. Det er ikkje berre viktig å unngå at mobilen blir kasta i anna avfall, det er òg viktig å unngå at han blir liggjande heime i skuffer og skap. Ved å resirkulere mobiltelefonar kan metallet i mobiltelefonen nyttast på nytt. Viss ein mobiltelefon eller anna farleg avfall blir sortert feil, kan dette ha store konsekvensar for miljøet.

Kommunen du bur i, har bede dykk om å planleggje ein haldningskampanje. Kampanjen har som mål å oppmode elevar på vidaregåande skule til å resirkulere gamle mobiltelefonar, og til å bruke dei gamle så lenge som mogleg.

De har ansvaret for

  • å planleggje ein haldningskampanje ved å formulere bodskap, vurdere verkemiddel, lage skisser og planleggje ein miks av kommunikasjonskanalar
  • å skrive eit refleksjonsnotat der de forklarer vala dykkar
Lærar tek stilling til:
  • om det skal utviklast innhald til haldningskampanjen, som i så fall skal visast fram for klassen
  • om det skal gjennomførast ein aktivitet som kan vekkje merksemd, til dømes ein aksjon for å samle inn gamle mobiltelefonar blant elevar og tilsette på skulen
Skrive av Cathrine Meyer Johansen, Jone Nikolai Nyborg, Albertine Aaberge og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 16.01.2021