Annuitetslån
4.3.15
Nemn tre årsaker til at den effektive årlege renta på eit lån til vanleg blir større enn den nominelle årlege renta.
4.3.16
På teorisidene Annuitetslån: avbetaling og Annuitetslån: bruk av HVIS() lagar vi eit rekneark som lagar nedbetalingsplanen for ei avbetalingsordning ved kjøp av eit TV-apparat til 14 999 kroner på avbetaling. Det kan vere lurt å gå gjennom desse to sidene før du går vidare.
Dersom du har eit rekneark frå før som går på dette eksempelet, kan du bruke det. Alternativt kan du nedanfor laste ned eit rekneark til å bruke til desse oppgåvene.
a) Finn ut kva lånet kostar totalt.
b) Korleis kan vi enkelt finne ut kva TV-apparatet kostar deg ved hjelp av reknearket?
c) Kva vil vi få dersom vi summerer tala i kolonne E?
d) Forhandlaren går med på å redusere månadsgebyret til 20 kroner. Kva blir effekten av det samanlikna med eit månadsgebyr på 50 kroner?
e) Forhandlaren går med på at vi kan betale 800 kroner kvar månad inntil lånet er betalt. Månadsgebyret skal vere 20 kroner.
Kor lenge må vi betale, og kva vil lånet koste oss no?
f) Forhandlaren seier han har eit veldig godt tilbod. Med same vilkår som i den førre oppgåva går forhandlaren med på at du skal sleppe å betale inn noko dei tre første månadene.
Blir lånet dyrare no enn i den førre oppgåva? Kor stor blir eventuelt skilnaden på kor mykje lånet kostar oss?
g) Prøv å endre på rentefoten, og sjå kva konsekvensen for lånet blir.
h) Ta utgangspunkt i dei opphavelege lånevilkåra. Dersom du ønskjer å bruke eitt år på å betale attende lånet, kva skal terminbeløpet vere da?
i) Prøv å endre på rentefoten, og sjå kva konsekvensen for lånet blir.
j) Vi tek no utgangspunkt i at renta er 1,75 prosent per månad, månadsgebyret er på 50 kroner, og vi må starte betalinga etter éin månad. Med eit terminbeløp på 1 000 kroner har vi frå oppgåve a) at det tek 19 månader å betale attende lånet.
Kva blir terminbeløpet dersom du ønskjer å betale attende lånet på 12 månader i staden for 19?
Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med løysingane til oppgåve a) og oppgåve f).
4.3.17

Wenche skal kjøpe seg ny sykkel. Ho har sett seg ut ein sykkel som kostar 8 999 kroner i ei sportsforretning.
Wenche har ikkje pengar til dette akkurat no. I sportsforretninga seier dei at ho kan kjøpe sykkelen på avbetaling med følgjande vilkår:
- Sykkelen kan betalast i månadlege innbetalingar på 700 kroner inntil sykkelen er betalt.
- Renta på lånet er 2,25 prosent per månad.
- Det kostar 650 kroner å opprette denne avbetalingsordninga (låneordninga). Dette blir lagt til lånesummen. Vi kallar dette gebyret eit oppstartsgebyr.
- Det er eit månadsgebyr på 35 kroner.
a) Lag ein betalingsplan for attendebetalinga av lånet.
Kor lang tid tek det før Wenche er ferdig med avbetalinga, og kor mykje kostar lånet henne?
b) Wenche ønskjer å bli ferdig med avbetalinga om eitt år.
Kor mykje må ho betale inn per månad då?
c) Finn nettsida til ein sportsbutikk, og sjå om dei tilbyr avbetaling. Finn eventuelle vilkår, lag ein ny betalingsplan, og samanlikn med tala frå oppgåve a).
d) Eit alternativ til avbetaling er bruk av kredittkort. Finn nettsida til ein bank, finn vilkår ved bruk av kredittkort, og lag ein betalingsplan for kjøp av sykkelen med dette kredittkortet.
e) Kva er ein betalingsmerknad (bokmål: betalingsanmerkning)? Kva risikerer du dersom du får ein slik merknad?
- Rekneark til oppgåve a)(XLSX)
4.3.18
Line skal kjøpe seg eit fjernsyn på avbetaling. Ho har funne ein annonse med dette tilbodet:
Toshiba 52" LCD-TV 52Z3030D
Kontantpris: 19 990 kroner
Finansieringspris: 759 kroner i 36 månader
Månadsgebyr: 55 kroner
Utsetjingsgebyr: 390 kroner
a) Kor mykje må Line betale for fjernsynet dersom ho vel avbetalingsordninga i annonsen?
b) Kor mange prosent dyrare blir fjernsynet dersom ho handlar på avbetaling i forhold til om ho hadde betalt kontant?
c) Bruk ein kredittkjøpskalkulator på internett og rekn ut effektiv rente. Du kan til dømes bruke kredittkjøpkalkulatoren på Dinside.